«Ticket to the Moon» er ein song skriven av Jeff Lynne og framført av Electric Light Orchestra (ELO). Han vart gjeven ut som det fjerdesporet på albumet Time (1981) og gjeven ut på singel som ei dobbel A-side i lag med «Here Is the News» i januar 1982. Singelen nådde 24. palssen på den britiske singellista. Songen minnar noko om tidlege ELO-songar med flygel og fleire strykarar enn dei føregåande singlane deira hadde hatt. Rainer Pietsch dirigerte strykarane på songen. I musikkvideoen for songen spelar Mik Kaminski fiolin.

Singelen vart òg gjeven ut i ei avgrensa biletplate som synte ELO-romskipet.

Namnet vart òg nytta om eit samlealbum i 2007, «Ticket to the Moon: The Very Best of Electric Light Orchestra Volume 2».

Lister Liste (1982) Plassering Frankrike - SNEP 4 Tyskland - Media Control 61 Irish Singles Chart Enter Electric Light Orchestra in the Search by Artist field, then click Search. 17 UK Singles Chart 24

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ticket to the Moon» frå , den 17. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Songar skrivne av Jeff Lynne