mini|Ved blodforgifting som følgje av blærekatarr kan urinen innehalda puss, ein tilstand kjend som pyuri. Katarr er ein overflatisk betennelse i slimhinnene som dekkar luftvegane eller andre holer i kroppen, til dømes nase og svelg. Det kan valda tjukke eksudat av slim og kvite blodlekamar som skuldast hevelse i slimhinnene i hovudet i respons til infeksjon. Symptomet er vanlegvis tilknytt forkjøling og brysthoste, men kan òg sjåast i pasientar med infeksjon i svelgmandelen (adenoiditt), mellomøyret (mellomøyrebetennelse), biholene (kronisk sinusitt) eller mandlane (tonsillitt). Slimet som oppstår ved katarr, kalla flegma, kan flaume ut, eller det kan setje seg fast, okkludere og bli kronisk.
Nokre vanlege former av katarr er blærekatarr, magekatarr og augekatarr.
Klinisk relevans Katarr som okkluderar delar av luftvegane kan føre til smerte ved: bruk av heis reise i fly eller helikopter reise i høgda bruk av symjebasseng og dykking Endåtil den grunne enden i eit bad kan vere utriveleg på grunn av barotraume, eit problem som er tilknytt trykkendringar i hovudet som følgje av katarral blokkering. Dette kan skje ved så lite som 1,2 meter djupne.
Ordsoge Ordet «katarr» kjem frå gresk «katarrhein», der kata tydar «ned» og rhein tydar «renne» eller «flyte».
Sjå òg allergi høyfeber rhinitt
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Catarrh» frå , den 20. februar 2015.
Kategori:Otorhinolaryngologi Kategori:Betennelsar