Cato Husabø Fossen () er ein norsk journalist og programleiar. Han er sidan juni 2016 fast tilsett som politisk reporter i NRK NyheiterMedier24 - Ung stjernejournalist går tilbake til politikken og frå juli 2019 nyheitsanker i Dagsrevyen, der han debuterte i tospann med Nina Owing 8. juli.Dagbladet - Blir Dagsrevyen-anker Han har også leia Politisk kvarter på NRK P2 og enkelte valsendingar på NRK1 i 2017.

For TV-sjåarar er han også kjend som sportsanker på TV 2 ein kort periode frå 2015 til 2016.VG - Sportsanker Cato Husabø Fossen sluttar i TV 2 Det er imidlertid som politisk journalist han har gjort seg mest bemerka, og før fylte 23 år hadde han arbeidd i dei politiske redaksjonane til landets tre største mediehus NRK, TV 2 og VG.Medier24 - 22-årig politisk wonderboy blir TV 2s nye sportsanker

Fossen var medlem av Unge Høgre i ungdomstida, og stod på Høgres liste til bystyrevalget i Førde i 2011, men meldte seg ut då han fekk den første journalistjobben sin i lokalavisa Firda same året.

Referansar

Kategori:NRK-journalistar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Førde