Alumot (hebraisk אֲלֻמּוֹת, tyder «Haugar») er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 243.

Historie Alumot vart grunnlagd i 1936 av ein kvutza av akademikarar frå Ben Shemen jordbruksskule.Dismantled kibbutz revived online, Haaretz I 1940 flytta gruppa mellombels til ein stad kalla «Poriya Alumot» (i dag Poria Illit). Dei livnærte seg av jordbruk og eit sanatorium, Beit Alumot. I 1947 grunnla dei ein permanent busetnad på ein ås oppom Genesaretsjøen. På grunn av vassmangel, og mangel på jordbruksland og nye medlemmar, vart kibbutzen oppløyst i 1969 og grunnlagd på ny året etter av emigrantar frå Argentina.

Kjende innbyggjarar Shimon Peres, israelske statsminister og president

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alumot» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Alumot museum

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel