Nimrod (hebraisk נִמְרוֹד) er ei lita israelsk busetjing og ein moshav i Golanhøgdene på sørsida av Hermon, og den høgastliggande sivile busetjinga i Israel, 1110 meter over havet. Moshaven er ein del av Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
Nimrod vart kalla opp etter den nærliggande, gamle Nimrodborga, og ligg nær Neve Ativ og drusararbyane Majdal Shams, Masade og Ein Kinya. Busetjinga vart opphavleg grunnlagd som ein paramilitær Nahal-utpost den 31. januar 1982. Nimrod vart ein sivil busetnad i januar 1999 og husar no seks familiar. Landsbyen livnærer seg hovudsakleg av turisme.
Sjå òg israelskokkuperte territorium
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nimrod, Golan Heights» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:Moshavar Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel