mini|200 mg ibuprofen er eit vanleg antipyretikum Antipyretika (sing. antipyretikum; av gresk anti «imot» og pyreticus «tilknytt feber») eller febernedsetjande lækjemiddel er lækjemiddel som minskar feber. Antipyretika fører til at hypotalamus overstyrer ei interleukinindusert auking i temperatur. Kroppen jobbar då med å senka kroppstemperaturen slik at feberen minskar.
Dei fleste febernedsetjande lækjemiddel har likevel andre føremål. Til dømes blir ibuprofen og aspirin i hovudsak brukt som smertelindrande middel. Ikkje-steroide antiinflammatoriske middel er både febernedsetjande, betennelsesdempande og smertelindrande.
Det er debatt rundt bruken av slike lækjemiddel sidan feber er ein del av immunresponsen mot infeksjon. Ein studie av Royal Society hevdar at febernedsetjande lækjemiddel fører til ei 1 % auking i influensarelaterte dødsfall, og 700 årlege dødsfall som følgje av dette berre i USA.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antipyretic» frå , den 23. februar 2015.