Kfar Gidon (hebraisk כְּפַר גִּדְעוֹן, tyder Gideonlandsbyen) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Afula og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 221.
Moshaven vart grunnlagd i 1923 av emigrantar frå Transilvania som var medlemmar av Hapoel HaMizrachi, og vart kalla opp etter den bibelske personen Gideon, som arbeidde i området (Domarane 7:1).
I 1956 vart han delt i to fellesbusetnader; Kfar Gidon (ultra-ortodoks) og Talmei Gidon (tradisjonell/sekulær). Men etter reformer i den regionale kommunen har landsbyen igjen berre éin administrasjon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar Gidon» frå , den 27. februar 2015.
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1923 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel Kategori:1923 i Palestina