mini|Ytre overflate av pannebeinet. Glabella er synleg nær botn. mini|Hovudet sett frå sida. Glabella er merka i midten til venstre. Glabella er den hårlause huda mellom augebryna og over nasa. Det kan òg vise til den underliggande knokkelen, som er noko nedtrykt, og som tiltrer ved dei to augebrynsbogane. Det er eit cefalometrisk kjennemerke som ligg rett over naserota. Glabella kjem av det latinske ordet glabellus, som tydar «glatt».

Huda i glabella kan brukast for å måle hudturgor hjå pasientar med mistenkt dehydrering ved å klype huda mellom fingrane og løfte den varsamt vekk frå skallen. Huda hjå dehydrerte pasientar plar å stå ved lag når ein slepp, i staden for å trekke seg tilbake til normal form.

Sjå òg glabellarefleks

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glabella» frå , den 28. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Knoklar i hovud og hals Kategori:Andletstrekk