The Big O er eit studioalbum av Roy Orbison for London Records i Storbritannia, med musikk og korvokal av den engelske gruppa the Art Movement på alle songane utanom «Penny Arcade», som vart gjeven ut som singel i Storbritannia i 1969. Der nådde singelen 27. plassen og vart den siste britiske hitsingelen hans. «Penny Arcade» vart òg den største hitten hans i Australia, og låg fire veker på toppen av lista kring juletider i 1969. Den andre singelen «Break My Mind», vart den siste Orbison-singelen som gjekk inn på den australske singellista i levetida hans, med ein 24. plass i mars 1970. Albumet kom ut i Europa tidleg i 1970, og vart ikkje gjeve ut i USA.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Big O (album)» frå , den 1. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Roy Orbison-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Engelskspråklege album Kategori:London Records-album