Ville Juha Tapio Piipponen () er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Sotkamo som vann bronsemedaljen på 20 km under VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding. Han gjekk vanlegvis litt for sakte i løypa til å hevde seg heilt i verdstoppen. Einast framfrå skyting gav han gode plasseringar, noko som viste seg under verdsmeisterskapen i Ruhpolding, der han trefte på alle dei 20 skota på 20-kilometeren. Også verdsmeisteren, Jurij Kasjkarov frå Sovjetunionen, skaut feilfritt.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1981: Nr 11 på 10 km i Lahti 1982: Nr 23 på 10 km i Minsk 1984: Nr 12 på 20 km i Sarajevo 1985: Bronsemedalje på 20 km i Ruhpolding 1986: Nr 9 på 10 km i Oslo 1987: Nr 6 på 20 km i Lake Placid 1988: Nr 7 på 10 km og 8 på 20 km i Calgary 1989: Nr 11 på 20 km i Feistritz
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Finske skiskyttarar Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1984 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988