mini|Milano-domen i 2010.
Milano-domen eller italiensk , eigentleg , er eit av dei mest vidkjende byggverk i Italia. Domkyrkja er katedral for Milano erkebispedømme. Nest etter Peterskyrkja i Vatikanet og katedralen i Sevilla er Milano-domen den tredje største kyrkja i verda kva gjeld flatemål. Domen består av fem skip og er 157 meter lang og 109 meter brei. Dei høge, fargerike glasmåleria i koret er mellom dei største i verda.
Fundamentet for kyrkja vart lagt i 1386. Bygninga i lys marmor og med nær 4000 figurar vart innvigd i 1572 av kardinalen Carlo Borromeo til minne om fødselsdagen til Maria møy. Fyrst i 1965 stod kyrkja heilt ferdigbygd.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mailänder Dom» frå , den 5. mars 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer Kategori:Byggverk i Italia