Anne Briand () er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Mulhouse. Ho vann OL-gull for Frankrike på 3 x 5 km stafett under Vinter-OL 1992 i Albertville. I 1995 vart ho verdsmeister på 7,5 kilometer. Same sesongen vann ho i verdscupen i skiskyting for kvinner.

Aktiv Briand var lite kjend før OL-sesongen 1992. Under vinterleikane i Albertville i heimlandet, då skiskyting for kvinner for fyrste gong stod på øvingsprogrammet, vart ho nummer sju i begge dei individuelle tevlingane. Etter at lagkameratane Corinne Niogret og Veronique Claudel hadde gjort gode etappar, fullførte Briand OL-stafetten for Frankrike ved å vinne stafetten over 3 x 5 km med 23 sekunds margin til Tyskland.

Under VM i skiskyting 1993 i bulgarske Borovets vart Briand nummer fire på 7,5 km, før ho i 4 x 5 km stafett spurta frå Russlands ankerkvinne i kampen om sølvmedalje. Dei same fire franske kvinnene som vann VM-sølv på stafetten i 1993, sikra seg og Frankrike bronsemedaljar på stafetten også under Vinter-OL 1994 på Lillehammer. Før leikane var komne så langt, hadde Briand vunne sølvmedaljen på 15 km, Myriam Bédard frå Canada vann OL-gullet.

Briand vann gullmedaljen på 7,5 km då VM i skiskyting 1995 vart avvikla i italienske Antholz. I den same meisterskapen og i VM 1996 fekk ho gleda av å gå Frankrike inn til si både fjerde og strake medalje på VM-stafetten, begge gongane ein sølvmedalje.

Ho la opp etter 1999-sesongen og har sidan arbeidd som dyrlækjar.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Denne artikkelen bygger på «Anne Briand» frå , den 5. mars 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1992 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999