mini|Mickey Curry som nummer 2 frå høgre. Michael Timothy Curry () er ein amerikansk trommeslagar. Han er mest kjend for eit langvarig samarbeid med musikaren Bryan Adams, men har òg arbeidd med Hall & Oates, Cher, Tina Turner, Alice Cooper, David Bowie, Elvis Costello, Sam Phillips, Tom Waits, The Cult, Steve Jones og andre musikarar.
Biografi Han spelte i mange lokale band i Connecticut fram til kring 1980, då han byrja å arbeide i forskjellige studio i New York. På Manhattan vart han med i eit band kalla Tom Dickie and the Desires. Manageren deira var Tommy Mottola, som òg var manager for Hall & Oates. Mottala likte arbeidet til Curry og bad han med på innspelinga av Hall & Oates-albumet Private Eyes.
Omkring same tid møtte Curry produsenten Bob Clearmountain, som nettopp hadde byrja å arbeide med ein ung Bryan Adams. Kort tid etter spelte Curry på det andre albumet til Adams, You Want It You Got It. Han turnerte med Hall & Oates i fleire år og spelte på fleire studioalbum med Adams. Frå 1986 turnerte han òg fast med Adams. Curry har spelt på nesten alle albuma til Adams.
I tillegg til Bryan ADams har Curry spelt med andre artistar, som Jude Cole og The Cult.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mickey Curry» frå , den 6. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:Bryan Adams Kategori:The Cult-medlemmar Kategori:Musikarar frå Connecticut