mini|Utbreiiinga av Romarriket under Augustus. Den gule markeringa viser utstrekkinga til republikken i 31 f.Kr., grønt viser område erobra under Augustus, og rosa område viser klientstatar. mini|Romariket fekk si største utstrekking under Trajan i år 117.
Roma i antikken viser til romarane sitt samfunn frå grunnlegginga av byen Roma på 700-talet f.Kr. til Vestromarriket braut saman på 400-talet i seinantikken. Det omfattar det romerske kongedømet (753–509 f.Kr.), den romerske republikken (509–27 f.Kr.) og Romariket (27 f.Kr.–476 e.Kr.).
Roma byrja som ein italisk busetnad, etter tradisjonen skipa i 753 f.Kr., ved elva Tiber på den italienske halvøya. Busetnaden voks til ein by og den politiske eininga Roma, og kom til å få makt over naboane sine gjennom ei blanding av traktatar og militær styrke. Med tida kom det til å dominera den italienske halvøya, og skipa eit imperium som omfatta mykje av Europa og landområda rundt Middelhavet. Det var eit av dei største rika i oldtida, med eit estimert innbyggjartal på 50 til 90 millionar, rundt 20 % av befolkninga i verda på den tida. Riket dekka rundt på høgda si i år 117.
Den romerske staten utvikla seg frå eit valkongedøme til ein demokratisk klassisk republikk og så til eit stadig meir autokratisk halv-valt militærdiktatur under keisartida. Gjennom erobring og kulturell og språkleg assimilering herska det på høgda si over kysten av Nord-Afrika, Egypt, Sør-Europa og mykje av Vest-Europa, Balkan, Krim og mykje av Midtausten, mellom anna Anatolia, Levanten og delar av Mesopotamia og Arabia. Han blir ofte plassert i antikken saman med det gamle Hellas, og dei liknande kulturane og samfunna deira er kjende som den gresk-romerske verda.
Den romerske sivilisasjonen har gjeve bidrag til moderne språk, religion, samfunn, teknologi, juss, politikk, statsstyre, krigføring, kunst, litteratur, arkitektur og ingeniørfag. Roma utvida og profesjonaliserte militærmakta si og skapte eit system for sivilt styre kalla res publica, noko som inspirerte moderne republikkar som USA og Frankrike.; ; Han oppnådde imponerande teknologiske og arkitektoniske nyvinningar, som konstruksjonen av akveduktar og vegar, i tillegg til meir grandiose monument og bygningar.
Punarkrigane mot Kartago enda med romersk herredøme over Middelhavet. Det romerske keisardømet blei til gjennom prinsipatet til Augustus (frå 27 f.Kr.). Riket strekte seg no frå Atlanterhavet til Arabia og frå munningen av Rhinen til Nord-Afrika. I år 92 møtte Romarriket det gjenoppståtte Persarriket under akemenidane, og blei innblanda i den lengstvarande konflikten i historia, Dei romersk-persiske krigane. Under Trajan nådde Romarriket den største utstrekkinga si, då det omfatta heile landområdet rundt Middelhavet, sørranden av Nordsjøen og kystane av Raude- og Kaspihavet. Republikanske skikkar og tradisjonar byrja å gå tilbake i løpet av den keisarlege perioden, med borgarkrigar og uro ein vanleg opptakt til utnemning av ein ny keisar.; ; Utbrytarstatar som Palmyrariket kom til å dela riket mellombels under krisa på 200-talet, før det blei gjenoppretta ein viss stabilitet under Tetrarkiet.
Indre uro og åtak frå ulike folkeslag under folkevandringstida førte til at Vestromarriket blei brote opp til ulike sjølvstendige barbarkongedøme på 400-talet. Austromarriket varte ved gjennom mellomalderen til det fall i år 1453.
Det gamle Italia og skipinga av Roma mini|Kart over det gamle Roma med dei sju høgdene. Serviusmuren er markert med ei blå line, og Den aurelianske muren med ei raud.
Arkeologiske spor etter busetjing kring Roma byrjar å opptre frå kring 1000 f.Kr. Det finst fyrst spor etter organisering på større nivå kring 800 f.Kr, med ei fyrste gravene i nekropolisen på Esquilinhøgda og funnet av ein mur i leire og tømmer ved botnen av Palatinerhøgda datert til midten av 700-talet f.Kr. Frå kring 650 f.Kr byrja romarane å drenera dalen mellom Palatinerhøgda og Kapitol, der Forum Romanum seinare blei bygt. På 500-talet bygde romarane Jupiter Optimus Maximus-tempelet på Kapitol, og utvida byen til Forum Boarium mellom Kapitol og Aventinerhøgda.
mini|venstre|Ifølgje den romerske soga blei Roma grunnlagd i 753 f.Kr. av Romulus og Remus, som blei fostra av ein houlv. mini|Freske frå Pompeii, frå år 35-45, som viser grunnlegginga av Roma. Sol er i stridsvogna si; Mars kjem ned frå himmelen til Rhea Silvia som ligg i graset; Merkur viser houlven som diar tvillingane til Venus. I dei nedre hjørna av bildet ser ein elveguden Tiberinus og vassgudinna Juturna.
Romarane hadde si eiga grunnleggjarmyte. Grunnlegginga av byen blei ført tilbake til ein konflikt innan herskarfamilien i den mytiske byen Alba Longa. Etter at kongen blei avsett, blei ei av døtrene hans tvinga til å bli ei jomfrueleg vestalinne, men blei gjort svanger av guden Mars og fødde tvillingane Romulus og Remus. Sønene blei dømde til døden, men blei redda, fyrst av ein houlv og seinare av jordbrukarar. Dei vende seinare tilbake til fødestaden for å gje trona tilbake til den rette kongen og sjølv grunnlegga ein by på staden der dei var blitt redda. Etter ein krangel drap Romulus broren Remus, og blei den einaste grunnleggjaren av byen. Denne soga kan førast tilbake til 200-talet, og den seinare romerske lærde Marcus Terentius Varro fastsette datoen for grunnlegginga av byen til år 753 f.Kr.
Kongedøme Det finst litterære og arkeologiske prov på at Roma hadde kongar, mellom anna tekstfragment frå 500-talet f.Kr. Lenge etter at monarkiet var avskaffa bruke ein tittelen rex sacrorum for utøving av dei tidlegare sakrale verkeområda til monarken. Romarane meinte dei hadde hatt eit valkongedøme, med sju legendariske kongar som stort sett ikkje var i slekt.
Republikk Ifølgje tradisjonen og seinare forfattarar som Livius blei den romerske republikken grunnlagd kring 509 f.Kr., då den siste av dei sju kongane av Roma, Lucius Tarquinius Superbus, blei avsett av Lucius Junius Brutus og det blei innført eit system med årleg valde magistratar og ulike representative forsamlingar. Det fanst ein grunnlov som la fast ei rekkje prinsipp kring maktfordeling og maktavgrensing. Dei viktigaste magistratane var dei to konsulane, som saman hadde utøvande makt som imperium, eller militær kommando. Konsulane måtte samarbeida med Senatet, som opphavleg var eit rådgjevande organ av adelsfolk, eller patrisiarar, men seinare voks i storleik og makt.
På 300-talet f.Kr. hadde Roma kome under åtak frå gallarar, som no hadde kontroll på den italienske halvøya forbi Posletta og gjennom Etruria. 16. juli 390 f.Kr. møtte ein gallarhær leia av høvdingen Brennus ein romersk her ved breidda av Alliaelva eit stykke nord for Roma. Brennus sigra, og gallarane marsjerte mot Roma. Dei fleste romarane hadde flykta frå byen, men nokre av dei barrikaderte seg på Kapitolhøgda for eit siste forsvar. Gallarane plyndra og brann byen, og omleira deretter Kapitol. Omleiringa varte i sju månader. Gallarane blei så samde med romarane om å gje dei fred i bytte mot 1000 pund gull. Ifølgje seinare romerske legender la romarane som såg over veginga merke til at gallarane fuska med vektene. Romarane tok då til våpen og sigra til sist over gallarane. Generalen deira Camillus skal ha sagd at «Med jern, ikkje med gull, kjøper Roma sin fridom.» Plutarch, Parallel Lives, Life of Camillus, XXIX, 2.
Romarane underla seg gradvis dei andre folkeslaga på den italienske halvøya, mellom dei etruskarane. Det siste trugsmålet mot romersk hegemoni i Italia kom då Tarentum, ein større gresk koloni, bad om hjelp frå Pyrrhos av Epiros i 281 f.Kr., men også denne blei overvunnen.Pyrrhus of Epirus (2) and Pyrrhus of Epirus (3) av Jona Lendering. Livius.org. Henta 21. mars 2007. Romarane trygga erobringane sine ved å skipa koloniar på strategiske stader.
Punarkrigane På 200-talet f.Kr. møtte Roma ein ny, sterk motstandar: Kartago. Dette var ein rik, mektig fønikisk bystat som ønskte å dominera middelhavsområdet. Dei to byane var allierte på Pyrrhos si tid, då han var eit trugsmål for begge, men Roma sin dominanse i Fastlands-Italia og det kartagenske herredømet over havet gjorde dei to maktene til rivalar i det vestlege Middelhavet, og førte etterkvart til konflikt.
Den fyrste punarkrigen braut ut i 264 f.Kr., då byen Messana bad Kartago om hjelp i konflikten sin med Hiero II av Syrakus. Etter at kartagenarar tok over byen bad Messana Roma om hjelp til å kasta dei ut.
Etter over 20 år med krig sigra Roma, og inngjekk ein fredsavtale med Kartago. Ei av årsakene til at den andre punarkrigen braut ut var krigserstattinga Kartago gjekk med på etter den fyrste krigen.
Den seine republikken Etter å ha nedkjempa Makedonia og Selevkidriket på 100-talet f.Kr. blei romarane det dominerande folket ved Middelhavet.; Rome: The Conquest of the Hellenistic Empires av Richard Hooker. Washington State University. 6. juni 1999. Henta 22. mars 2007. Erobringa av hellenistiske statar førte romersk og gresk kultur tettare saman. Den romerske eliten, som hadde vore landleg, blei meir luksus-orientert og kosmopolitansk.
Marius og Sulla Gaius Marius var ein novus homo som byrja den politiske karrieren sin med hjelp frå den mektige Metelli-familien, og raskt blei ein leiande mann i republikken. Han var konsul heile sju gonger, fyrst i 107 f.Kr. Han innførte militære reformer for å nedkjempa og fanga den numidiske kongen Jugurtha. Han fekk fattige folk inn i hæren, noko som starta ordninga med at generalar som hadde kommando vann lojalitet til mange soldatar.
Lucius Cornelius Sulla var fødd i ein fattig familie av patrisiarfamilie. Han var ved teateret, der han fekk mange venner, før han blei general i Jugurtha-krigen. Han blei ein rival til Marius då han overtalte Bocchus, svigersonen til Jugurtha, til å overlevera denne til romarane etter at Marius sjølv hadde feila.
Etter at Marius trekte seg tilbake hadde Roma ein kort periode med fred. Italienske socii ('allierte' på latin) bad om romersk borgarskap og røysterett. Marcus Livius Drusus støtta den juridiske prosessen deira, men blei snikmyrda. Då gjorde socii opprør mot romarane, og den såkalla Forbundsfellekrigen braut ut. På eit tidspunkt blei begge konsulane drepne, og Marius, Sulla og Lucius Julius Cæsar blei utnemnde til å leia hæren. Etter å ha vunne krigen vende Sulla og Marius seg mot kvarandre. Sulla tok makta i Roma fyrst, og utførte ei brutal forfølging av dei som hadde støtta Marius. I 87 f.Kr. tok Marius makta tilbake medan Sulla førte krig i Hellas. Han blei konsul i lag med Lucius Cornelius Cinna og drap den andre konsulen, Gnaeus Octavius, og andre støttespelarar.
Marius døydde få månader etter å ha teke makta av alderdom og dårleg helse. Cinna hadde absolutt makt til også han døydde i 84 f.Kr. Året etter vende Sulla tilbake til Roma, og byrja ein terrorkampanje der talrike adelsfolk, offiserar og senatorar blei drepne. Sulla hadde to periodar som diktator og ein som konsul. Med dette byrja endetida til den romerske republikken.
Cæsar og det fyrste triumviratet Gaius Julius Cæsar kom frå ein aristokratisk familie med få middel. Tanta hans Julia var gift med konsulen Marius,Plutarch Parallel Lives, Life of Caesar, I,2 og Cæsar identifiserte seg med grupperinga populares. For å oppnå makt gjenforeinte Cæsar dei to mektigaste mennene i Roma: Marcus Licinius Crassus, som hadde støtte han økonomisk i mykje av den tidlege karrieren hans, og rivalen til Crassus, Gnaeus Pompeius Magnus, som han fekk dotter si gift med. Saman med dei danna han ein ny unformell allianse med dei kalla det fyrste triumviratet ('tre menn').