Betzet () er ein moshav i Vest-Galilea nord i Israel. Han høyrer til Mateh Asher regionale kommune og er ein del av Moshavrørsla, like ved byane Shlomi og Nahariya.

Moshaven vart grunnlagd i 1951 på landområde som høyrte til den palestinske landsbyen Al-Bassa, som vart øydelagd i den arabisk-israelske krigen 1948. Grunnleggjarane var immigrantar til Israel frå Balkan, særleg det tidlegare Jugoslavia og Romania. Samfunnet er kalla opp ette den antikke landsbyen Betzet som skal ha lege i nærleiken. I 2005 hadde han eit folketal på kring 300.

Området dekkjer kring 2200 mål. Dei fleste innbyggjarane lever av dyrking av bananar, avokado og kalkunavl.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Betzet» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Betzet on the website of the Authority for Development of the Galilea

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel Kategori:Jugoslavisk diaspora Kategori:Busetnader grunnlagde i 1951 Kategori:1951 i Israel