Seksuell debut viser til første gongen nokon har eit samleie.
I følgje ei undersøking frå Folkehelseinstituttet i Noreg var medianalderen ved første samleie 17,1 år for kvinner og 17,5 år for menn i 2002. I tida frå 1987 til 1997 var han noko høgare, rundt 18 år for menn. 19,5 prosent av menn og 23,5 prosent av kvinner hadde debutert før dei fylte 16 år (seksuell lågalder).
I Storbritannia rapporterte Natsal liknande resultat i 2003. Medianalderen for seksuell debut var 17 år for både menn og kvinner. 27,4 % av menn og 20,4 % mellom 16 og 44 år svarte at dei hadde hatt seksuell debut før dei var 16.
Sjå òg Debut Jomfru
Kjelder
Kategori:Seksualitet