Southern Accents er det sjette studioalbumet til Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut 26. mars 1985 på MCA Records.

Den første singelen frå albumet, «Don't Come Around Here No More», vart skriven i lag med Dave Stewart frå Eurythmics, og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100. Musikkvideoen var basert på Alice i Eventyrland. «Southern Accents» vart seinare spelt inn av Johnny Cash for albumet Unchained i 1996, der medlemmane i the Heartbreakers spelar.

Det vart ein del diskusjonar og krangling under innspelinga, sidan dei forskjellige bandmedlemmane hadde forskjellige visjonar for albumet. Det vart opphavleg gjeve ut som eit konseptalbum, men temaet med «Southern Accents» vart noko grått ved at det vart teke med tre songar skrivne i lag med Stewart, og tre andre songar som opphavleg var meint for albumet ikkje vart teken med. Songane som ikkje kom med var «Trailer», «Big Boss Man», «Crackin' Up», «The Image of Me» og «The Apartment Song». Desse finst på Playback, ein plateboks som kom ut 10 år seinare.

Under miksinga av opningssporet «Rebels» vart Petty så frustrert at han slo til ein vegg og fekk eit alvorleg brot i venstre handa. Han vart operert og fleire nåler, strengar og skruar heldt handa hans saman.

Plateomslaget er eit måleri frå 1865 av Winslow Homer kalla The Veteran in a New Field.

Innhald

Medverkande Tom Petty – vokal, gitarar, piano, klaverinstrument, perkusjon, produsent, bassgitar Mike Campbell – gitar, bassgitar, Dobro, klaverinstrument, vokal, produsent, slidegitar Benmont Tench – piano, klaverinstrument, piano (elektrisk), vokal, vibrafon Stan Lynch – trommer, perkusjon, klaverinstrument, vokal Howie Epstein – bassgitar, vokal, harmonivokal

andre medverkande: William Bergman – horn, saksofon (tenor), lydeffektar, vokal (kor) John Berry, Jr. – trompet, horn, lydeffektar David Bianco – lydteknikar Ron Blair – bass Dick Braun – trompet, horn, lydeffektar, vokal (kor) Steve Breitborde – fotografi Sharon Celani – vokal Jim Coile – horn, saksofon (tenor), lydeffektar, vokal Malcolm Duncan – saksofon Molly Duncan – saksofon Joel Fein – lydteknikar Dean Garcia – bass Bobbye Hall – perkusjon Jerry Hey – horn, horndirigent Garth Hudson – klaverinstrument Jimmy Iovine – produsent Clydene Jackson – vokal Phil Jones – perkusjon Martin Jourard – saksofon Dennis Keeley – fotografi Jim Keltner – perkusjon Richard Manuel – vokal, harmonivokal Stephen Marcussen – mastering Marilyn Martin – vokal Kurt McGettrick – horn, lydeffektar, vokal Jack Nitzsche – strykarar, strykearrangement Dave Plews – trompet Robbie Robertson – produsent Daniel Rothmuller – klarinett, cello Don Smith – lydteknikar, remixing Greg Smith – horn, saksofon, saksofon (baryton), vokal Stephanie Spruill – vokal David A. Stewart – bass, gitar, klaverinstrument, sitar, vokal, produsent Julia Tillman Waters – vokal Maxine Waters – vokal Alan «Bugs» Weidel – lydteknikar Maxine Willard Waters – vokal Shelly Yakus – lydteknikar, remixing

Lister Liste (1985)Plassering

Singlar: SingleListePlassering"Don't Come Around Here No More"US Billboard Hot 10013US Mainstream Rock Tracks2UK Singles Chart50"Make It Better (Forget About Me)"US Billboard Hot 10054US Billboard Modern Rock Tracks12"Rebels"US Billboard Hot 10074US Billboard Modern Rock Tracks5

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Southern Accents» frå , den 11. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Tom Petty-album Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Album produserte av Jimmy Iovine Kategori:Album produserte av David A. Stewart Kategori:MCA Records-album