Birya (), òg skrive Biriya, er ein jordbrukslandsby nær Safed i Israel. Administrativt ligg han under Merom HaGalil regionale kommune i Øvre Galilea.
Historie Byen Birya er nemnt i Talmud.The Territory of Asher
I 1946 slo ei gruppe pionerar frå Den religiøse kibbutzrørsla seg ned på ein stad nær Biryaborga. Ifølgje Jewish National Fund vart Biria ofte angripen av både syriske soldatar og styrkane til Kaukji. I februar 1946, etter eit åtak på ein leir for den arabiske legionen i området, gjennomsøkte den britiske hæren landsbyen og fann våpen på landområdet. Alle kvutza-medlemmane vart arresterte, og landsbyen vart okkupert av det britiske militæret. Tusenvis av unge jødar frå alle delar av landet kom då til og grunnla busetnaden på ny, ikkje langt frå den opphavlege staden. Britane trekte styrkane sine ut to månader seinare, men landsbybuarane vart ikkje sleppte fri før sommaren etter. I 1947 hadde Birya 150 innbyggjarar. Dagens Birya vart grunnlagd i 1971. Birya var ein av busetjingane som vart råka av Katyusha-rakettar skotne opp av Hizbollah under Libanon-krigen i 2006.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Birya» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1946 Kategori:1946 i Palestina