Ma'ale Tzviya (, tyder 'Zviahøgdene'), òg kalla Tzviya, er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i Galilea søraust for Karmiel, og høyrer til Misgav regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 281.

Landsbyen vart grunnlagd i 1979 som ein kibbutz, og vart kalla opp etter Zivia Lubetkin, ein av leiarane i jødisk motstandsrørsle i det naziokkuperte Warszawa. Kibbutzen vart stengd i 1986 og medlemmar frå Atid gar'in tok over staden og grunnla ein fellesbusetnad med støtte frå Jewish Agency.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ma'ale Tzviya» frå , den 18. mars 2015.

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1979 Kategori:1979 i Israel Kategori:Planlagde samfunn Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel