Into the Great Wide Open er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i juli 1991. Albumet var det siste bandet gav ut på MCA Records og det andre Petty-albumet som var produsert med Jeff Lynne etter suksessen med Full Moon Fever i 1989.
Den første singelen, «Learning to Fly», vart den Petty-songen som låg lengst på toppen av Billboard Mainstream Rock Tracks-lista (i lag med «The Waiting» Hard Promises i 1981), heile seks veker. Den andre singelen, «Out in the Cold», nådde òg toppen av Mainstream Rock-lista, men berre for to veker.
I musikkvideoen for tittelsongen spelte Johnny Depp, som hadde flytta til Los Angeles som tenåring, i tillegg til Gabrielle Anwar, Faye Dunaway, og Matt LeBlanc.
Mottaking Into the Great Wide Open fekk gode kritikkar av musikkpressa. Dave DiMartino skreiv om albumet for Entertainment Weekly og sa at albumet var det næraste «klassiske» albumet Petty og bandet hadde laga på 15 år, og sa at albumet var eit gjenhøyr med dei to første albuma. Han meinte dette i stor grad var på grunn av Jeff Lynne og at songane er betre enn dei på Full Moon Fever. Rolling Stone-journalisten Parke Puterbaugh kalla albumet ei blanding mellom Full Moon Fever og Damn the Torpedoes, og sa at det hadde dei beste tekstane til Petty og at det var mykje betre enn Let Me Up (I've Had Enough). Stephen Thomas Erlewine i AllMusic var mindre imponert og sa at Into the Great Wide Open var for likt Full Moon Fever. Han sa at albumet var «behageleg» men ikkje hans beste.
Innhald
Medverkande Tom Petty – vokal, 6- and 12-strengs akustisk og elektrisk gitar, klaverinstrument, perkusjon, bassgitar, produsent Mike Campbell – sologitar, 12-strengsgitar, bassgitar, Dobro, klaverinstrument, slidegitar Howie Epstein – bassgitar, korvokal Benmont Tench – akustisk og elektrisk piano, trekkspel Stan Lynch – trommer, perkusjon Jeff Lynne – gitarar, bass, vokal, piano, synthesizer, perkusjon, lydeffektar Roger McGuinn – korvokal på «All The Wrong Reasons» Richard Tandy – synthesizer på «Two Gunslingers»
Lister
Vekeslister Liste PlasseringAustralian ARIA Album Chart28Austerrike7Kanadiske Album Chart4Nederlandsk Mega Album-lista53Tyske Media Control-lista8Japanske Oricon-lista96New Zealand12VG-lista5Sverige2Sveitsisk12UK Album Chart3US Billboard 20013
Årslister Liste (1991) PlasseringKanadiske Album Chart21UK Album Chart99US Billboard 20071
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Into the Great Wide Open (album)» frå , den 20. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tom Petty-album Kategori:Album produserte av Jeff Lynne Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:MCA Records-album