Alphard (α Hya, α Hydrae, Alfa Hydrae) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Vasslangen. Namnet Alphard kjem frå det arabiske الفرد (al-fard), «den einsame», fordi det ikkje er nokre andre lyssterke stjerner i nærleiken. Han vart òg kalla «ryggraden til slangen» av arabarane. I det gamle Kina var han ein del av ein asterisme kalla «den raude fuglen». Den europeiske astronomen Tycho Brahe kalla han Cor Hydræ, hjartet av slangen.
Eigenskapar Alphard har tre gonger massen til sola. Det er estimert at ho er 420 millionar år gammal og har utvikla seg bort frå hovudserien og blitt ei kjempestjerne med ein spektralklasse lik K3 og lysstyrkeklasse mellom II og III. Vinkeldiameteren er millibogesekund, berre slått av Betelgeuse og R Doradus. Ho har utvida seg til 50 gonger radien til sola.
Spektrumet til Alphard syner at ho har noko overskot av barium, eit grunnstoff som vanlegvis vert produsert i kjernedanninga kalla s-prosess. Ofte høyrer ei bariumstjerne til eit dobbeltsystem og anomaliane i overskotet vert forklart av masseoverføring frå ei følgjande kvit dvergstjerne.
Flagg Alphard er avbilda på det brasilianske flagget og symboliserer staten Mato Grosso do Sul.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alphard» frå , den 22. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Hydrae, Alfa Kategori:Vasslangen Kategori:Lyssterke kjempestjerner klasse K Kategori:Kjempestjerner klasse K Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 1000 lysår frå jorda