mini|Den tredje hjernenerven (merka som Oculomotor) styrer storparten av rørsla til augene, medrekna samantrekking av pupillen og å halde augeloka ved lag. Oculomotorius-lamming (eller oculomotoriusparese) er ein augetilstand som skuldast skade i den tredje hjernenerven eller forgreiningar av denne. Den tredje hjernenerven forsyner storparten av musklane som styrer augerørsle. Skade i denne nerven vil dimed føre til nedsett eller unormal augerørsle. Nerven forsyner også den øvre augelokmuskelen og musklane som styrer samantrekking av pupillen. Avgrensinga for augerørsle er ofte så alvorleg at personen ikkje maktar å halde den normale innrettinga av augene ved lag, noko som fører til skjeling og fylgjeleg dobbelsyn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oculomotor nerve palsy» frå , den 28. mars 2015.
Kategori:Augemuskelsjukdommar og forstyrringar i binokulærfunksjon, akkomodasjon og bryting Kategori:Tredje hjernenerve