Hamarkameratene (Ham-Kam) vart stifta i 1918, og er det fremste fotballaget i Hamar. Klubben spelar denne sesongen i . Noverande hovudtrenar er .
I 1969 rykte klubben for fyrste gong opp til det høgste nivået i norsk fotball, og utførte året etter den største sportslege prestasjonen sin til til då ved å vinna bronsemedalje i serien. Sidan har klubben veksla mellom dei tre øvste nivåa, utan nokre større sportslege resultat å vise til. Laget har heller aldri kome lenger enn til semifinale i noregsmeisterskapen.
Historie 1918–1946: Den spede byrjinga Briskebyen Fotball-Lag HamKam reknar 10. august 1918 som dagen klubben vart stifta. Den gongen var det ein gjeng gutar som bestemte seg for å starte laget Freidig. Dei skulle ikkje ha meir enn elleve spelarar, og berre dei som kunne betale for ball fekk bli med. Det vart 1,67 kroner per person. Dei hadde ingen bane i starten, og det var difor vanskeleg å spele kampar. I starten spelte dei mot lag som Solvang, Hjellum, Ådalsbruk og Tonga. I april 1927 avgjorde dei seig for å melde seg inn i Hamar og omegn fotballkrets. Dei vart teke opp 3. desember same år, då under namnet Briskebyen Fotball-lag (BFL).
Dei starta med å spele i C-klassa i 1928, men rykte med ein gong opp til B-klassa. Etter å ha vunne kvalifiseringa mot det dårlegste laga i A-klassa, Fram, i 1930, rykt dei opp endå eit nivå.
I 1928–29 lånte dei banen til Vang Fotballag, og dei neste tre åra Ottestad Idrettslags bane. I 1933 spelte HamKam på Hamar Idrettsplass, og frå 1936 har dei spelt på Briskeby gressbane.
Hamar Arbeideridrettslag mini|Fotballkamp på Briskeby på siste halvdelen av 1930-talet Hamar Arbeideridrettslag vart stifta 17. desember 1927, under namnet Arbeidernes Idrettslag, Hamar. Laget hadde frå starten 21 medlemmar, men sleit med å skaffe banar. Dei fekk til slutt leige plass på Utstillingsplassen. Dei deltok i Arbeidermeisterskapen i fotball i 1929, og deltok òg under eigne faner i 1. mai-toget same år. Ved slutten av året hadde dei 120 medlemmar. Forutan fotball dreiv idrettslaget med friidrett, skiidrett og sykling. Etter kvart starta dei òg med boksing, bryting, skyting, skøytar og turn.
I 1938 hadde idrettslaget over 500 medlemmar. Året etter arrangerte dei Arbeidermeisterskapen på skøyter. Under krigen vart idrettslaget forbode.
Samanslåing I april 1946, då klubbane vart slått saman, var medlemstalet 719. Hamar kommune ynskte at alle idrettslaga i byen skulle slå seg saman, men Storhamar Arbeideridrettslag sa tidleg frå at dei ikkje ville vere med. Hamar Idrettslag ville derimot ha ei samanslåing, men dei kom ikkje til semje med BFL og HAIL, som stod kvarandre nærast politisk.
Det nye idrettslaget fekk namnet Hamarkameratene, og han hadde òg avdelingar for friidrett, bandy, handball, turn, ski og miniatyrskyting.
Den tidlegare Wolverhampton-spelaren Roy Wright vart fotballklubben sin første trenar, men han var skuffande.
1946–1969: Kamp om å bli best i byen På 40- og 50-talet gjekk seriane frå haust til vår, og HamKam spelte frå hausten 1947 i distrikt tre i Norgesserien. Det var ikkje kome nokon toppserie etter krigen, og denne sesongen vart brukt til å avgjere kva for klubbar som skulle spele i den høgaste divisjonen. Ingen av laga frå distrikt tre klarte dette. HamKam enda på sjuandeplass av åtte lag, og spelte dei neste fire åra i distrikt tre i førstedivisjon, med tsjekkaren Willem Cerveny som trenar. Under sesongen 1950–51 vart Landsdelsserien introdusert, og førstedivisjon vart det tredje høgaste nivået i norsk fotball. Året etter rykte HamKam opp til Landsdelsserien, etter først å ha vunne gruppa, for så å spele kvalifisering mot Jevnaker og Drammens Ballklubb, med dei to beste vidare. Laget tapte 3–4 for Jevnaker, og vann 1–0 over Drammens Ballklubb. I Landsdelsserien spelte laget i gruppa Østland Nordre fram til dei rykte ned i 1955. I 1956 spelte dei kvalifisering igjen, men tapte 1-3 for Mjøndalen og 2-4 for Spartacus.
Juniorlaget, med blant andre Finn Thorsen på laget, vann i 1958 krinsmeisterskapen. Dette laget spelarar skulle seinare bli sentrale på A-laget. I femtiåra var det kamp mellom HamKam og Hamar Idrettslag om kva for eit lag som var best i byen, men i løpet av 60-talet inntok HamKam leiarposisjonen.
Frå 1956 til 1961 spelte HamKam i 1. divisjon, distrikt tre, det som då var det tredje nivået i seriesystemet. I 1957 vart distrikt tre delt opp att, slik at dei spelte i 1. divisjon, distrikt tre, gruppe A, som òg var kjent som Oplandene. I 1961 vann dei avdelinga si, og spelte kvalifisering mot vinnaren av gruppe B, Ytre Rendal. HamKam vann høvesvis 1–0 og 4–1, og var klåre for Landsdelsserien. I 1963 vart det gjort endringar i seriesystemet igjen, som førte til at laget spelte i 3. divisjon, Østland Nordre. Der spelte dei til og med 1967, då dei vann gruppa, og rykte opp til andredivisjon. To år seinare rykte dei opp til 1. divisjon.
1970–1980: Stordomstida I 1970 spelte HamKam for første gongen på øvste nivåa i norsk fotball. Det enda med tredjeplass, berre to poeng bak vinnaren Strømsgodset. På 70-talet vart laga oppført av spelarar som Finn Thorsen, Edgar Malman, Stein Karlsen, Tore Antonsen og Pål og Tom Jacobsen. I 1973 vart Karlsen toppskårar i 1. divisjon med 17 mål, og han var òg toppskårar for laget frå 1971 til 1974. Laget var stabilt i 1. divisjon fram til 1974, då dei kom på 10. plass og rykte ned. Dei rykte opp att året etter, men dei fekk berre to sesongar før dei nok ein gong måtte ta turen ned ein divisjon. I 1978 kom dei på andreplass i 2. divisjon (bak Rosenborg), og rykte opp på ny. Gleda var kortvarig; i 1979 rykte dei ned igjen. Dei kom på 10. plass og fekk 18 poeng – det same som nedrykka i 1977. I 1980 rykte klubben opp til den øvste divisjonen til landet for tredje gongen på seks år.
1981–1990: Økonomiske problem og framvokster av nye talentar Det gjekk òg opp og ned på 80-talet, med to nedrykk (1983 og 1987) og eitt opprykk (1985). Spelarar som Terje Kojedal, Cato Erstad og Vegard Skogheim slo igjennom. Det gjorde òg spissen Tor Arne Granerud, som vart toppskårar i serien i 1981. I 1984 vart det bygd tribune med 2300 sitteplassar på Briskeby. Klubben tok opp eit lån på to millionar kroner som førte til økonomiske problem dei neste ti åra, blant anna på grunn av renteoppgang. I 1994 redda Hamar kommune klubben frå konkurs ved å kjøpe heile anlegget.
På midten av 80-talet kom Einar Rossbach, Stein Kollshaugen og Jan Åge Fjørtoft til HamKam. Dei var alle med på å føre laget til semifinalen i cupen i 1987, der dei tapte 1-2 mot Brann. Etter nedrykka same år forlét nokre av nøkkelspelarane klubben, men erstatningar kom i form av Stein Arne Ingelstad (1988) og Ståle Solbakken (1989), og dei spelte semifinale igjen i 1989 mot Viking etter å ha slått ut Rosenborg i kvartfinalen. Det enda med tap 1-3.
1991–1995: Tida under Peter Engelbrektsson Føre 1991-sesongen vart svenske Peter Engelbrektsson henta inn som ny trenar, då Alf Inge Notkevich måtte gje seg på grunn av sjukdom. Forsvararen Leif Nordli, som seinare skulle bli kaptein for laget, vart henta inn saman med Erling Ytterland. Etter endt sesong var HamKam klåre for Tippeligaen, med 51 poeng – ni fleire enn Strindheim. Då hadde dei blant anna vunne 12–0 over Pors Grenland. Etter sesongen la kaptein Terje Kojedal opp.
HamKam vann den første kampen sin i det som no var vorte heitande Tippeligaen 3–1 over Brann, men skulle slite med å halde seg oppe. Etter halvspelt sesong hadde dei berre 14 poeng, og fire sigrar. På dei siste elleve kampane fekk dei berre seks poeng. Faren for nedrykk var såpass overhengande at Terje Kojedal valde å gjere comeback. Han fekk med seg dei tre siste seriekampane, og HamKam enda på tiandeplass med 20 poeng – det same som Sogndal, som rykte ned. Begge laga hadde skåra 30 mål, men medan HamKam berre hadde sloppe inn 46, hadde Sogndal sloppe inn 53. HamKam måtte spele kvalifisering mot Strømmen og Drøbak/Frogn. Dei spelte 4–4 mot Straumen i den første kampen, og vann 2–1 mot Drøbak/Frogn i den andre. Dermed heldt dei plassen.
I 1993-sesongen skulle det gå mykje betre, sjølv om det starta dårleg, med berre eitt poeng på dei tre første kampane. Høgdepunkta kom med 4–3-sigeren over Lillestrøm, der Petter Belsvik skåra fire mål – dei to siste i det 82. og 90. minutt. Eit anna høgdepunkt var sig 2–1 over Bodø/Glimtar med nærare 8 000 tilskodarar på Briskeby. Etter den kampen i august hadde HamKam berre eitt lag over seg på tabellen. Men det vart ein liten nedtur dei siste åtte kampane med fem tap og berre to sigrar (som begge enda 6–0). Den siste seriekampen, mot Fyllinga, vart berre sett av 800 tilskodarar. Sesongen hadde likevel vore ein opptur, og laga enda på femteplass.
Føre 1994-sesongen mista klubben Ståle Solbakken, Petter Belsvik og keeper André Ulla, medan Frode Aurmo og Arild Rebne vart henta inn. 3–2-sigeren over Rosenborg i slutten av august var det store høgdepunktet i sesongen – det var det første tapet til trønderane den sesongen. Stein Arne Ingelstad skåra to mål, og Rolf Furuly éit. Det vart til slutt ein åttandeplass, fire poeng over nedrykksplassen.
I 1995 var det første gongen Tippeligaen hadde 14 lag. HamKam henta inn ny keeper i Clas André Guttulsrød, Thorstein Helstad vart henta frå FL Fare og Thomas Øverby kom inn på midtbanen. Dei kunne likevel ikkje hindre 1tredjeplass og nedrykk, berre to poeng bak Kongsvinger på 11. plass. Lyspunktet var to sigrar over Vålerenga. 1–9-tapet for Rosenborg er det største tapet HamKam har gått på i seriesamanheng sidan 1968.
1996–2002: Bølgjedal Etter nedrykka frå Tippeligaen i 1995 forsvann trenar Peter Engelbrektsson saman med fleire sentrale spelarar. Blant anna gjekk Vegard Skogheim til Viking, Tom Henning Hovi til Skeia, Jon Eirik Ødegaard til Trøndelag, medan Kent Karlsen gjekk til Vålerenga. Tidlegare assistenttrenar Knut Hagen vart hovudtrenar, men laget fekk ikkje nokre større forsterkingar, sjølv om Rune Burkeland og Fred Leo Nysæther kom til klubben. Sesongen 1996 gjekk likevel bra, og HamKam hamna på tredjeplass i avdeling A, bak Lyn og Odd Grenland.
Målet var likevel å rykke opp, og før 1997-sesongen vart Ivar Hoff henta inn som hovudtrenar. Han tok med seg Kenneth Nysæther frå Vålerenga. Andre spelarar som kom var Mads Brannstorph, Truls Vaagan og Fredrik Garshol. Hoff vart ingen suksess på Hamar, og 21. mai gjekk han av etter berre seks serierundar. HamKam hadde då fire poeng etter like mange uavgjorde. Knut Hagen vart igjen hovudtrenar, medan Kenneth Nysæther vart selt til Lillestrøm. Laga enda til slutt på niandeplass, med ni sigrar, og berre eitt poeng over nedrykksstreken. Då sesongen var over, gjekk stortalentet Thorstein Helstad til Brann, medan keeper Clas André Guttulsrød gjekk til Bodø/Glimt.
Økonomiske problem 1998 var prega av problem. Før sesongen vart klubben redda frå konkurs av private investorar, og spelarane måtte gå kraftig ned i løn. Knut Hagen fekk etter kvart hjelp av sportsleg leiar Pål Jacobsen som trenar, før Hagen måtte gå av heilt. Før 18. serierunde vart Jacobsen sportsleg leiar igjen, medan dei gamle HamKam-spelarane Terje Kojedal og Viggo Sundmoen tok over, utan at det gjekk noko betre. Laga tapte dei ni siste kampane, hamna på sisteplass og rykte ned til 2. divisjon. Etter sesongen slutta trenarane, og dessutan kaptein Leif Nordli.
Føre 1999-sesongen henta ein inn svenske Conny Karlsson, som tidlegare hadde gjort underverk i Haugesund. HamKam skulle rykke opp, men det så dårleg ut i starten. Tapte for Grei på heimebane i tredje serierunden regnast av supporterane til klubben som den største audmjukinga i den nyare historia til klubben. HamKam låg midt på tabellen etter halvspelt sesong, og Vegard Skogheim, som eigenleg hadde lagt opp, gjorde comeback. Etter at han kom, vann HamKam 14 av dei 16 siste kampane, og rykte opp att med 53 poeng. Midt i sesongen gjekk Stian Berga til Lillestrøm.