Dafna (hebraisk skrift ) er ein kibbutz i Øvre Galilea nord i Israel, 7 km aust for Kiryat Shmona. Han vart grunnlagd den 3. mai 1939, som ei tårn- og palisade-busetjing og var den første busetjinga av denne typen nord i Huladalen. Dan og Dafna vart kalla «Ussishkin-festningane».

Tre sideelvar til Dan-elva renn i det eviggrøne landskapet. mini|venstre|Dan-elva i kibbutz Dafna

Historie Dei første nybyggjarane var hovudsakleg innvandrarar frå Polen og Litauen. I 1947 hadde han eit folketal på 600.

I følgje ei bok frå 1949 av Jewish National Fund heldt Dafna og grensebusetjingane Dan og Kfar Szold syrarane og libanesiske styrkar unna under den arabisk-israelske krigen 1948. Busetjinga var derimot ofte bomba og fekk store skadar.

Dafna samarbeidd med Dan om å opprette det første aureoppdrettsanlegget i området.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dafna» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Gjestehus Har Vagai-skulen

Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1939 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:1939 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel