Ellen Helen Nikolaysen () er ein norsk songar og skodespelar frå Oslo.

Liv og gjerning Nikolaysen vann Talent '70 arrangert av NRK. Gjennom størstedelen av 1970-åra turnerte ho rundt i Noreg og litt utanlands. Ho gav ut sitt fyrste album i 1972, og deltok i Eurovision Song Contest 1973 som del av songgruppa Bendik Singers med melodien «Å for et spill». I 1974 vart ho tildelt pris som beste utøvar under World Popular Song Festival i Tokyo, og opplevde suksess i Japan. Året etter vann ho det norske Melodi Grand Prix med «Det skulle ha vært sommer nå» og deltok i melodifestivalen utan å oppnå ei fin plassering. Både i 1973 og 1976 var ho nominert til Spellemannprisen.

På 1990-talet var ho aktiv som skodespelar i musikalar. Mest omtale fekk ho for rolla som Mrs. Lovett i Sweeney Todd på Det norske teateret.

Diskografi Album 1972: Stans! Jeg vil gi deg en sang 1973: Freckles 1976: Kom 1978: Jul med Hans Petter og Ellen, saman med Hans Petter Hansen 1983: Songar utan ord, saman med Sigmund Groven 1987: Julekvad

Filmografi (utval) 1975: Faneflukt 1993: Solens sønn og månens datter 2002: Sejer - Djevelen holder lyset

Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar