mini|Ulike skalpellar. Den fyrste, andre og fjerde har utbytbare knivblad. Ein skalpell er eit lite og veldig skarpt knivblad som blir brukt ved kirurgiske inngrep, disseksjonar og i ulike kunsthandverk. Det finst skalpellar for eingongsbruk og for fleirgongsbruk. Dei for fleirgongsbruk kan vere festa, lause, utbytbare, eller kvessbare. Eingongsskalpellar kjem ofte i form av eit plasthandtak med eit utstrekkbart blad, i likskap med ein tapetkniv, som blir kasta etter bruk. Ein tviegga skalpell blir gjerne kalla ein lansett.

Skalpellblada er vanlegvis laga av herda og avherda stål, rustfritt stål eller høgkarbonstål. Andre vanlege material er titan, keramikk, diamant og obsidian. Ved MR-styrte inngrep er stålblada ubrukelege, fordi dei blir dregne mot magnetane og skapar biletartefakt. Gjennom historia har sølv vore det vanlegaste materialet for skalpellar, mykje på grunn av sine antimikrobielle eigenskapar. Nokre skalpellar er også kledd med zirkoniumnitrid langs knivegget for å auke skarpleiken og varigheita av kantskarpleiken. Andre skalpellar er trekt med polymer for å betre smøreevna ved innsnitt. Alternativ til skalpellar er elektrokauterisering og laserterapi.

Kirurgiske skalpellar mini|Eingongsskalpell, bladnummer 15 (B. Braun). Kirurgiske skalpellar er samansett av eit blad og eit handtak. Handtaket er ofte laga av haldbart stål, medan bladet er laga for å bytast ut. Ved medisinsk bruk blir bladet alltid byta etter bruk, sjølv etter små snitt.

Den todelte skalpellen blei patentert i 1915 av Morgan Parker. Parker, saman med kollegaen Charles Russel Bard, utvikla også ein metode for å kaldsterilisere skalpellen utan å sløvna bladet, i likskap med den varmebaserte metoden som blei brukt tidlegare.

Handtaket (skalpellhaldaren) kjem i to hovudformer. Det fyrste er flatt, slik som nr. 3 og 4. Handtak nr. 7 liknar meir på ein penn, og er avrunda framme og flat bak. Handtak nr. 4 er større enn nr. 3. Skalpellblada blir levert i spesifikke storleikar, så dei passar berre med utvalde handtak.

+ Ulike typar skalpellblad Bladnummer Kompatibel skalpellhaldar Skildring Bruksområde Nr. 6 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. 9 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. 10 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Krumma knivegg med sløv bakside. Eit nokså tradisjonelt knivblad. I hovudsak for innsnitt i hud og muskel. Ofte brukt for å skjere i huda ved mageoperasjonar. Nr. 10a B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Lite og rett blad Nr. 11 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Trekanta blad med skarp spiss, flatt knivegg parallelt med handtaket og flat rygg For presisjonsskjering, stripping og skarpe vinkelkutt. Blir også brukt til å skjere ut sjablongar, fordi den minnar om X-Acto (ein knivtype som er mykje brukt i kunsthandverk). Nr. 11P B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. E11 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. E/11 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. 12 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Eit lite, spisst og halvmåneforma blad som er kvessa langs innsida av krumminga Nr. 12D B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Eit lite, spisst og halvmåneforma blad som er kvessa på begge sider av krumminga Nr. 13 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. 14 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. 15 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Ei mindre utgåve av nr. 10 Same bruksområde som nr. 10 Nr. 15A B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Eit framovervendt og rett blad med flat rygg Nr. 15C B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Lik nr. 15, men flatare og tynnare og med helningsvinkel Helningsvinkelen eignar seg godt inni brystet ved brystkirurgi. Ofte brukt til å lage distal arteriotomi ved koronar-bypass. Nr. 15T B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. D/15 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. 16 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Eit smalt, meisel-liknande blad med flatt og vinkla knivegg som ligg høgare enn aksen til handtaket For å skjere ut sjablongar, skjere i vasar, og for radering Nr. 17 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Eit meisel-liknande 1,6 mm-blad med flat framside For smale innsnitt Nr. 18 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Eit meisel-liknande 12,7 mm-blad For djupe innsnitt og skraping Nr. 19 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Liknar på blad nr. 15 Nr. 20 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Ei større utgåve av nr. 10, med krumma knivegg og ei flat, sløv bakside Brukt i generell kirurgi og ortopedisk kirurgi Nr. 21 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Nr. 22 2, 4, 5, 6 Ei noko større utgåve av nr. 20, med krumma knivegg og ei flat, sløv bakside Brukt for hudincisjonar i hjarte- og brystkirurgi, og for å skjere gjennom bronkiar ved reseksjon av lunga Nr. 22A 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Nr. 23 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Liknar på nr. 22, bladforma For avlange innsnitt Nr. 24 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Vidt, flatt og vinkla knivegg For hjørnesnitt, trimming, stripping, og for å skjere ut matter og pakningar Nr. 25 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Framovervendt, rett blad med flat bakside (liknar på nr. 15A) Nr. 25a 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Trekanta, rett blad med flat, nedovervinkla bakside (liknar på nr. 10A; kortare enn nr. 26) Nr. 26 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Trekanta, rett blad med flat, nedovervinkla bakside (liknar på nr. 15A; lenger enn nr. 25A) Nr. 27 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Nr. 34 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Trekanta blad som liknar på nr. 11 Nr. 36 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Stort blad Brukt i generell kirurgi, histologi og histopatologiNr. 40 B3, 3, 3 Gradert, 3 Avlangt, 5, 7, 9 Nr. PM40 PM-handtak i rustfritt stål Nr. PM40B PM-handtak i rustfritt stål Nr. 60 4, 4 Gradert, 4 Avlangt, 6 Avlangt blad som liknar på nr. 10, med avlangt knivegg, avrunda spiss og flat bakside Nr. PM60 PM8 Nr. PM60B PM8

Grepvariasjonar mini|150px|Handflategrep mini|150px|Blyantgrep Handflategrep Handtaket blir halde med andre, tredje og fjerde finger og sikra langs golvet av tommelen, medan peikefingeren strekker seg langs den øvre bakenden av bladet for å stabilisere og styre instrumentet. Dette grepet eignar seg godt for innleiiande eller store innsnitt.

Blyantgrep Ofte brukt for presisjonssnitt med mindre blad (t.d. med handtak #15 og #7). Skalpellen blir halde med tuppen av tommelen og fyrste og andre finger, medan handtaket kvilar langs golvet mellom tomelen og peikefingeren. Handtaket bør ikkje ligge for langt mot peikefingeren, sidan dette kan medføra ustabilt grep og fingerkrampar.

Grafisk design og kunsthandverk mini|Ein hobbykniv av typen X-Acto. Skalpellar for grafisk design og modellering (gjerne kalla ein hobbykniv) har ofte runde handtak med teksturert grep (serratert metall eller mjuk plast). Desse er ofte oppkalla etter den mest kjende leverandøren, nemleg X-Acto. Bladet er vanlegvis flatt og rett, slik at det lett kan trekkast langs ein skalalinjal for å lage rette kutt.

Det finst mange ulike grafiske knivar. Den vanlegaste er truleg nr. 11, som liknar veldig på den kirurgiske skalpellen med same nummer. Andre bladtypar blir brukt til treskurd, og til å skjere i lær og tjukt stoff.

Skalpellar i antikken Den indiske kirurgen Sushruta brukte ulike skalpellar til kirurgiske inngrep i 700 fvt.Dwivedi & Dwivedi (2007)Lock etc., page 420 Dei gamle egyptarane brukte skalpellar av hardna obsidian til å lage innsnitta ved balsamering. Dette materialet er framleis i bruk. Dei gamle romarane brukte meir enn 150 ulike kirurgiske instrument, medrekna skalpellar. Den indiske ayurvediske medisinen nemner bruken av kvasse bambusfliser.

Tryggleik Sikkerheitsskalpell Sikkerheitsskalpellar blir stadig meir populære. Det finst i hovudsak to typar: skalpellar med uttrekkbart blad og skalpellar med uttrekkbar slire.

Skalpellbladfjernar Det finst ulike spesialiserte risikoavfallsboksar kjend som skalpellbladfjernarar, som gjer det lettare og tryggare å fjerne skalpellbladet frå handtaket, utan å måtte bruke fingrar eller forceps.

Prosedyre Gode prosedyrar for bruk av sikkerheitsskalpellar og skalpellbladfjernarar kan potensielt bidra til å minska skalpellskadar.Fuentes, H., et al. (2008). "Scalpel Safety": Modeling the effectiveness of different safety devices' ability to reduce scalpel blade injuries." The International Journal of Risk & Safety in Medicine 20(1-2):83-89.

Sjå òg laserskalpell medisinsk utstyr

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scalpel» frå , den 6. april 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Medisinske knivar