Jisr az-Zarqa (arabisk جِسْر الزَّرْقَاء, hebraisk skrift , tyder «brua over den blå», ofte forkorta til Jisr) er ein israelsk-arabisk by i Israel, nord på Den israelske kystsletta. Han ligg like nord for Caesarea i Haifa distrikt, og fekk lokal kommune status i 1963. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen eit folketal på 11 100 mot slutten av 2005. Namnet Jisr az-Zarqa syner til Taninimelva, som på arabisk vert kalla Den blå elva.
Historie Jisr az-Zarqa er den einaste attverande, arabiske byen i Israel som ligg ved kysten av Middelhavet. Før staten vart grunnlagd, var byen busett av beduinar frå Ghawarina-stamma.State Lands and Rural Development in Mandatory Palestine, 1920-1948, Warwick P. N. Tyler Jødar frå nabobyane i Zikhron Ya'akov og Binyamina, som var avhengig av innbyggjarane i Jisr az-Zarqa som arbeidskraft på gardane, hindre at dei vart drivne bort i 1948.Sacred Landscape: CHAPTER FIVE
I november 2002 vart det bygd ein stor jordvoll langs ein 160 meter brei korridor mellom Jisr az-Zarqa og nabobyen Caesarea. Vollen vart bygd for å hindre støy frå muezzin i lokale moskear, geværskot under feiringar, og for å redusere eigedomslovbrot i området. Innbyggjarane i Jisr az-Zarqa hevdar at nasjonalparken i nord, volleni sør, vegen i aust og havet i vest hindrar byen frå å kunne utvidast.
Demografi mini|Typisk gate med sjøutsikt i Jisr az-Zarqa Innbyggjarane i Jisr az-Zarqa er hovudsakleg muslimar..The lost palestinske Jews- 20. august 2009
I 2006 hadde byen visstnok den lågaste gjennomsnittlege månadsløna i heile Israel.
Ein lokal innbyggjar, Mariam Amash, søkte om eit nytt ID-kort i Hadera i februar 2008, ved hjelp av ein fødselsattest gjeve ut av Det osmanske riket i 1888. Dette vart stadfesta av Guinness rekordbok og gjorde ho då til den eldste levande personen i verda. Ho døydde 22. desember 2012, 124 år gammal.
mini|center|600px|Jisr az-Zarqa
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jisr az-Zarqa» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene: Massarwa, Abdallah (2010): Jisr ez-Zarqa Final Report, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 122 Morris, Benny (1994): "1948 and after; Israel and the palestinskes" ISBN 0-19-827929-9. (Chapter 8, p. 257-289: The Case of Abu Ghosh and Beit Naqquba, Al Fureidis and Jisr Zarka in 1948 -or Why Four Villages Remained.) Sa‘id, Kareem (2009): Jisr ez-Zarqa Final Report , Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 121 Shadman, Amit, (2011): Jisr ez-Zarqa, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 123
Bakgrunnsstoff Velkommen til Kh. Jisr al-Zarqa, Palestine Remembered
Kategori:Lokale kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Haifa distrikt