Ein Hawd (arabisk عين حوض; hebraisk skrift עין חוד) er ein arabisk landsby nord i Israel. Han ligg nær Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 65.treng kjelde

Historie Landsbyen vart grunnlagd etter den arabisk-israelske krigen i 1948 då 35 medlemmar frå familien Abu al-Hija frå den avfolka landsbyen Ein Hawd (no kalla Ein Hod) kom attende til landsbyen etter å ha kome ut frå israelske fengsel. Dei nekta å forlate området og slo seg ned på landområdet til landsbyen. Her grunnla dei ei ny landsby. I starten godkjende israelske styresmakter namnet Kfar Abu al-Hija. I 1978 kravde innbyggjarane å få attende namnet Ein Hawd. Forsøk på å flytte dei var mislukka og dei fekk til slutt israelsk borgarskap. Den nye landsbyen vart ikkje anerkjend i starten, men i 1992 vart han registrert som ein arabisk landsby. I 2005 vart Ein Hawd fullt ut anerkjent og vart mellom anna kopla til det isrealske straumnettet.

I 1978 byrja landsbyen å fjerne gjerda som israelske styresmakter hadde sett opp kring landsbyen i 1964 og bygde 24 nye hus.

Etter Ein Hawd vart anerkjend av dei israelske styresmaktene vart han ein del av Hof HaCarmel regionale kommune.

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ein Hawd» frå , den 8. april 2015.

Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:Busetnader i Haifa distrikt Kategori:1948 i Israel