Igor Paklin () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Frunze i Kirgisistan. Han deltok internasjonalt i høgdehopp for Sovjetunionen og seinare Kirgisistan. Paklin vann EM-gull i øvinga i 1986 og VM-sølv i 1987.
Karriere Paklin høyrde til verdseliten i høgdehopp frå 1983-sesongen. Han kom då på delt fjerdeplass under friidretts-VM i Helsingfors, på same høgda som bronsevinnaren. Same sesongen vann han høgdetevlinga under universiaden i kanadiske Edmonton. To år seinare forsvarte Paklin universiadetittelen då han i japanske Kobe sette verdsrekord med 2,41 meter den 4. september 1985, ein verdsrekord som stod til 30. juni 1987 då svenske Patrik Sjöberg hoppa ein centimeter høgre.
Prestasjonen i Kobe var den ypparste Paklin stod for. Året etter vann han høgdehopp under EM 1986 i Stuttgart med 2,34 m, og vinteren 1987 sigra han i innandørs-VM i Indianapolis i USA med å svinge seg over 2,38 m. Nett like høgt hoppa Paklin under VM 1987 i Roma, med det vart han sølvvinnar på same høgda som landslagskameraten, gullmedaljøren Gennadij Avdejenko.
Paklin deltok i store meisteskap fram til 1993, men hamna litt lengre nede på resultatlista for kvar einaste gong.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsingfors: Nr 4 – 2,29 m EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 2,34 m VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 2,38 m, delt med Gennadij Avdejenko OL 1988 i Seoul: Nr 7 – 2,31 m VM 1991 i Tokyo: Nr 10 – 2,24 m OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (2,20 m) VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (2,15 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Igor Paklin» frå , den 12. april 2015. World Athletics
Kategori:Kirgisiske friidrettsutøvarar Kategori:Sovjetiske høgdehopparar Kategori:Russiske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1991