mini|Greg Rutherford i 2012 Gregory James Rutherford, til vanleg Greg Rutherford (), er ein britisk friidrettsutøvar frå Milton Keynes, særleg kjend som lengdehoppar. Han vart olympisk meister i øvinga i 2012, europameister i 2014 og 2016 og verdsmeister 2015. Rutherford sin personlege rekord på 8,51 meter er også landsrekord.

Aktiv I 2005 vann Rutherford lengdetevlinga under den europeisk juniormeisterskapen i litauiske Kaunas med 8,14 meter, britisk juniorrekord. Året etter tok han sølvmedaljen då Europameisterskapen i friidrett 2006 fann stad på Ullevi Stadion i Göteborg. Sølvhoppet målte 8,13 m. Under dei olympiske sommarleikane i Beijing i 2008 hoppa han heile 8,16 m i kvalifiseringa. I sjølve finalen var han prega av sjukdom og enda på tiandeplass med 7,84 m på resultatlista.

Rutherford forbetra den britiske lengderekorden til 8,30 m under VM i friidrett 2009 i Berlin, også det i kvalifiseringa. Rekorden stod til 8. juli 2011, då Chris Tomlinson strekte seg til 8,35 m.

I mai 2012 tangerte Rutherford den britiske rekorden i Chula Vista. Tre månader seinare hoppa han 8,31 m i lengdefinalen under OL i London, nok til å vinne den olympiske gullmedaljen. I 2014-sesongen flytta Rutherford den britiske landsrekorden til sterke 8,51 meter i Chula Vista i april månad. Ved EM i friidrett 2014 i Zürich vart Rutherford så europameister på vinnarresultatet 8,29 meter. To veker i førevegen vart han samveldemeister med 8,20 m i Glasgow.

Rutherford heldt fram medaljehausten dei neste to åra. Han vann gullmedaljen i så vel verdsmeisterskapen 2015, som i europameisterskapen 2016. Under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro vart tredjemann i lengde-tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 8,13 m, bakom Andrew Howe, Italia (8,20 m) VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (7,77 m - nr 21) OL 2008 i Beijing: Nr 10 – 7,84 m VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 8,17 m VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (8,00 m - nr 15) OL 2012 i London: Gullmedalje – 8,31 m, framom Mitchell Watt frå Australia (8,16 m) VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (7,87 m - nr 14) EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 8,29 m, framom Louis Tsatoumas frå Hellas (8,15 m) VM 2015 i Beijing:Gullmedalje – 8,41 m, framom Fabrice Lapierre frå Australia (8,24 m) EM 2016 i Amsterdam:Gullmedalje – 8,25 m, framom Michel Tornéus frå Sverige (8,21 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 8,29 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Greg Rutherford» frå , den 21. april 2015.

World Athletics

Kategori:Britiske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016