Gråkinndovenfugl (Bucco noanamae) er ein fugl i dovenfuglfamilien og er endemisk for Colombia med utbreiing i vestlege delar av landet nord for Buenaventura, i nord heilt mot grensa til Panama og Det karibiske havet.
Skildring Dette er ein mellomstor, tjukkfallen insektetande dovenfugl med kroppslengd på 18 centimeter. I hovudtrekk har denne fuglearten brun overside, kvit strupe, svart bryst og elles lys underside med mørke flekker. Oversida er skildra som gråleg brun med svakt skravert mønster i farge som er nærmar seg raud, han har kvitt nedst i panna og kvit augestripe, øyredekkarane er grå. Det kvite partiet i strupen dannar ein krage ut mot sidene på halsen. Brystet er svart, buken og kroppssidene er kvite med brungule flekker.Steven et al (1986) Nebbet er svart, iris raud og beina lys grå.Rasmussen et al (2013)
Desse fuglane sit ofte urørlege og stille på greiner, bøyer seg så ned og plukkar insekt fra bladverk. Songen er ein serie av mange flytetonar som startar i ei trille og blir meir strekt ut mot slutten. Det naturlege habitatet er i fuktig og våt skog, kan òg bruke gjenvekst sekundærskog og i krattskog og sit lågt i vegetasjonen.
Denne dovenfuglen lever i lågland, under 100 moh. Utbreiingsområdet er frå vestkysten av Urabá-bukta mot Det karibiske havet, i eit belte sørover gjennom Chocó-departementet i vestlege Colombia til Uramba nasjonalpark, så vidt inn i Valle del Cauca-departementet.
Ein kjenner ikkje storleiken på populasjonen, men han er trudd å vere minkande. Arten er sjeldan i utbreiingsområdet og IUCN har klassifisert han som nær truga. Trugsmåla er nye busettingar, avskoging og utviding av plantasjar og anna landbruksdrift.BirdLife International factsheeet(2015)
Kjelder Rasmussen, P.C., Collar, N. & Boesman, P. (2013). Sooty-capped Puffbird (Bucco noanamae) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. mai 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Bucco noanamae . Henta frå http://www.birdlife.org den 1. mai 2015 Steven L. Hilty & William L. Brown, A Guide to the Birds of Colombia, Princeton University Press 1986, ISBN 9780691083728 Referansar
Bakgrunnsstoff
Bilete av gråkinndovenfugl på Flickr.com
Kategori:Dovenfuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia