Aase Wind Lionæs () var ein norsk økonom og mangeårig stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Gjennom 31 år var ho medlem av Nobelkomiteen, der ho siste tiåret var leiar.
Liv og virke
Bakgrunn Lionæs var dotter av ein bokhandlar i Oslo. Ho fullførte økonomisk utdanning i 1930, sidan hadde ho eit studieår på London School of Economics. Lionæs underviste i økonomi på vaksenopplæringskurs i Oslo, heilt til ho vart vald inn på Stortinget i 1953.
Politisk karriere Periodane 1934-37 og 1945-47 var Lionæs medlem av Oslo bystyre. Ho var ein leiande likestillingspolitikar i Arbeidarpartiet, mellom anna som formann for kvinnesekretariatet i partiet frå 1945 til 1953 og redaktør i Arbeiderkvinnen.
Lionæs var stortingsrepresentant frå 1954 til 1977, fyrste perioden som fast møtande vararepresentant. På Stortinget arbeidde ho mellom anna for liberalisering av abortlova, og ho fremja forslag om at kvinnelege prestar skulle verte tillate i statskyrkja. Ho var den fyrste kvinna som var medlem i Finanskomiteen og leiar i same, og ho var den fyrste kvinna i Stortinget sin presidentskap.
Andre verv Lionæs var ho formann Redd Barna frå 1948 til 1951. Ho var òg medlem av Nobelkomiteen frå 1. januar 1948 til 31. desember 1978. Ho var leiar av komiteen 1968–78. Som leiar var ho ein pådrivar for å tildele Nobels fredspris til Henry Kissinger og Le Duc Tho i 1973, noko som sprengde komiteen då to av dei fem komitemedlemene trekte seg i protest. Også då Menachem Begin og Anwar Sadat fekk prisen i 1978, hennar siste år i komiteen, skal ho ha spela ei viktig rolle for utfallet.
Lionæs var frå 1972 til 1976 formann i hovudstyret for Folketrygdfondet. Ho var òg den fyrste leiaren av Den Norske Helsingforskomitéen. Ho var med på å grunnlegge Venner av Israel i Norsk Arbeidarrørsle (VINA).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aase Lionæs» frå , den 6. mai 2015.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Leiarar av Den Norske Nobelkomite Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske abortforkjemparar