Alberto Cova () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Inverigo i Como-provinsen. Han vart både europmeister (to gongar), verdsmeister og olympisk meister på 10 000 meter i tida 1982-86.

Aktiv Langdistanseløparen Cova vart kjend for sine spurteigenskapar. Under friidretts-EM 1982 i Aten overraska han stort då han vann over Werner Schildhauer frå Aust-Tyskland. Året etter var det klart for den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i finske Helsinki, der Cova var ein av dei fremste medaljekandidatane. 10000-meteren gjekk lenge føre seg i eit roleg tempo, og då klokka ringde for siste runde var heile 13 løparar med i tetfeltet. 30 meter før mål låg Cova på femteplass, men på dei siste meterane sprang han seg forbi alle, og atter viste han Schildhauer til andreplassen.

Milløpet under Sommar-OL 1984 i Los Angeles gjekk lenge i eit endå rolegare tempo enn løpet i Helsingfors. Fyrst etter kring 7000 meter auka finske Martti Vainio farta, og einast Cova makta å halde fylgje. Vainio greidde ikkje å halde tempo heilt til mål, så på sisterunda tok Cova seg rimeleg enkelt forbi til OL-gull. Vainio vart elles i ettertid frådømt sølvmedalja, grunna doping.

Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vart Cova teken att og passert på sisterunda på 10 000-meterløpet, og det av sin eigen landsmann Stefano Mei. På 5000 meteren enda Cova som nummer åtte. Han deltok på 10000 meter under sommarleikane i Seoul i 1988, der vart han slått ut i kvalfiseringsa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Gullmedalje - 27.41,0, framom Werner Schildhauer (27.41,2) VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje - 29.01,0, framom Werner Schildhauer (28.01,1) OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje - 27.47,5, framom Mike McLeod (28.06,2) EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje - 27.57,9, bakom Stefano Mei (27.56,7) OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (28.43,8)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alberto Cova» frå , den 9. mai 2015.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Italienske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Italia Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988