Ulrike Nasse-Meyfarth () er ein tysk tidlegare høgdehoppar frå Frankfurt am Main som tevla for Vest-Tyskland og vart olympisk meister både i 1972 og 1984, samt europameister i 1982.

Aktiv Allereie som 15-åring hevda Meyfarth seg i landstoppen i høgdehopp i Vest-Tyskland. Både i 1971 og 1972 vart ho nummer to i den vesttyske meisterskapen. Dermed kvalifiserte ho seg som den tredje vesttyske kvinnelege høgdehopperen til Sommar-OL 1972 i München.

Meyfarth var ei av få kvinner som nytta seg av teknikken som USA-amerikanaren Dick Fosbury hadde introdusert i Mexico-leikane fire år tidlegare, den såkalla Fosbury-flop. Med eit entusiastisk heimepublikum fobetra Meyfarth i OL-finalen si eiga bestenotering på 1,85 m til både 1,87 og 1,90 m. Det heldt til gullmedalje framom Bulgarias Jordanka Blagojeva og førehandsfavoritten, austerrikske Ilona Gusenbauer. Meyfarth stoppa ikkje der, men la lista på verdsrekordhøgda 1,92 m og smaug seg over. Meyfarth er til dags dato (2015) den yngste gullmedaljøren i ei individuell friidrettsøving.

Etter OL-triumfen var Meyfarth omfatta av enorm interesse frå både media og publikum. Ho vart nummer sju i høgdetevlinga ved friidretts-EM 1974 og mislukkast i Sommar-OL 1976, der ho rauk ut i kvalifiseringa.

Etter trenar- og klubbyte framom 1978-sesongen vart Meyfarth nummer fem under EM i friidrett 1978 med ny vesttysk rekord på 1,95 m. I juli 1980 greidde ho for fyrste gong å hoppe over 2 meter, men sidan Vest-Tyskland boikotta sommarleikane i Moskva fekk ho ikkje høve til å delta.

I EM 1982 i Aten vann Meyfarth gullmedaljen og forbetra verdsrekorden til 2,02 m. Året etter tok ho i Helsingfors sølvmedaljen i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, etter ein tett duell med sovjetiske Tamara Bykova. 21. august 1983, under eit friidrettsstemne i London, hoppa både Meyfarth og Bykova den nye verdsrekordhøgda 2,03 m. Fire dagar seinare forbetra Bykova rekorden med endå ein centimeter.

Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles deltok Meyfarth for siste gong i ei stor meisterskapstevling. Ved å ta seg over 2,02 m sikra ho seg gullmedaljen framom italienske Sara Simeoni. 12 år etter München-leikane vann Meyfarth dermed sitt andre OL-gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1972 i München: Gullmedalje – 1,92 m, framom Jordanka Blagojeva (1,88 m) EM 1974 i Roma: Nr 7 – 1,83 m OL 1976 i Montreal: Utslått i kvalifiseringa EM 1978 i Praha: Nr 5 – 1,91 m EM 1982 i Aten: Gullmedalje – 2,02 m, framom Tamara Bykova (1,97 m) VM 1983 i Helsingfors: Sølvmedalje – 1,99 m, bakom Tamara Bykova (2,01 m) OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje – 2.02 m, framom Sara Simeoni (2,00 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ulrike Nasse-Meyfarth» frå , den 14. mai 2015.

World Athletics

Kategori:Tyske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Vest-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984