Blood, Sweat & Tears er ei jazzrockgruppe frå USA og Canada. Gruppa har vore aktiv i nærare femti år (2015), med eit kortare avbrot. Ho er særleg kjend for musikken frå sist i 1960-åra til tidleg 1970-tal, der ein på framifrå vis kombinerte lydelement tradisjonelt knytt til rockegrupper, med ulike blåseinstrument. Gruppa spelte inn songar av av folk og grupper som Laura Nyro, James Taylor, The Band, The Rolling Stones og eldre musikarar som Billie Holiday og Erik Satie. I musikkarrangementa tok ein også inn musikk frå Thelonious Monk og Sergej Prokofjev.

Blood, Sweat & Tears vart danna i 1967 i New York City. Sidan oppstarten har gruppa/orkesteret gått gjennom mange endringar kva gjeld personell, og har vore innom ei mengd musikkstilar. Gruppa er aller mest kjend for å ha smelta saman uttrykk frå rock, blues og popmusikk, som i lag med jazz-improvisasjonar og markerte arrangement for blåsarrekka, skapte ein hybrid som vart kjend som jazz-rock. Til skilnad frå jazz-fusion-grupper, som i større grad la vekt på virtuose innsmett der dei enkelte musikarane viste sine evner som utøvarar, attåt noko eksperimentering med elektrisk instrument, var songane til Blood, Sweat & Tears prega av at stildraga frå rock, pop og R&B/soul-musikk var samla i eit heile, framført som av eit «big band», der ein innimellom la til element frå såkalla klassisk musikk komppnert i det 20. hundreåret.

Gruppa sitt andre album, Blood, Sweat & Tears, som kom ut i desember 1968 vert rekna som eit hovudverk. Det inneheld kjende songar som «And When I Die» av Laura Nyro, og «Spinning Wheel» av den dåverande vokalisten i gruppa, David Clayton-Thomas.

Al Kooper-tida Al Kooper, Jim Fielder, Fred Lipsius, Randy Brecker, Jerry Weiss, Dick Halligan, Steve Katz og Bobby Colomby skipa det originale bandet. Skipinga av bandet var inspirert av «brass-rock»-ideane til The Buckinghams og produsenden deira, James William Guercio, i tillegg til Maynard Ferguson Orchestra frå tidleg i 1960-åra.

Al Kooper var den første bandleiaren, noko han insisterte på å bli etter erfaringane sine med The Blues Project, det førre bandet hans med Steve Katz, som var organisert som eit likestilt kollektiv. Jim Fielder kom frå Frank Zappa sitt The Mothers of Invention og hadde spelt ei kort stund med Buffalo Springfield. Kooper var kjend som bidragsytar til kjende innspelingar med Bob Dylan, Jimi Hendrix og andre, og var med å gjere Blood, Sweat & Tears raskt kjend i den musikalske motkulturen i midten av 1960-åra.

Kooper, Colomby, Katz og Fielder spelte ein konsert som ein kvartett i The Village Theatre (som kort tid etter fekk namnet Fillmore East) i New York City den 16. september 1967, med James Cotton Blues Band som oppvarming. Fred Lipsius kom så med i bandet ein månad seinare. Etter eit par konsertar til som kvintett, henta Lipsius inn Dick Halligan, Randy Brecker og Jerry Weiss, som var hornspelarar i New York som Lipsius kjende frå før. Den endelege besetninga debuterte på Cafe Au Go Go 17. til 19. november 1967, og byrja å spele fast på The Scene veka etter. Bandet vart ein hit hos publikum, som likte den nyskapande blandinga av jazz, syrerock og psykedelia.

Etter å ha fått kontrakt med Columbia Records, gav gruppa ut Child Is Father to the Man. Plateomslaget vart rekna som ganske nyskapande og synte bandmedlemmane sitjande og ståande med barneliknande utgåver av seg sjølv. Albumet selde jamt og trutt, trass i kunstnariske skilnader mellom dei opphavlege medlemmane som førte til fleire endringar i besetninga til det andre albumet. Colomby og Katz ønskte å flytte Kooper over til klaverinstrument og nytte han som komponist, og hente inn ein sterkare vokalist for gruppa. Dette førte til at Kooper slutta i april 1968. Han vart plateprodusent for Columbia, men arrangerte somme songar for det neste BS&T-albumet. Trompetistane i gruppa, Randy Brecker og Jerry Weiss, slutta òg og vart erstatta av Lew Soloff og Chuck Winfield. Brecker vart med i bandet til Horace Silver i lag med broren Michael, og dei skipa sidan sine eigne, blåsardominerte grupper som Dreams og The Brecker Brothers. Jerry Weiss skipa eit liknande band i Ambergris.

David Clayton-Thomas-tida Då Kooper slutta i gruppa, byrja Colomby og Katz å leite etter ein ny vokalist, og vuderte Alex Chilton (som då nettopp hadde slutta i soul-rock-gruppa The Box Tops, men skipa i staden Big Star),Jovanovic, Rob. Big Star: The Story of Rock's Forgotten Band. London: Fourth Estate, 2004. Stephen Stills og Laura Nyro. Til slutt fall valet på David Clayton-Thomas, ein kanadisk songar fødd i Surrey i England. Visesongaren Judy Collins hadde visstnok sett Clayton-Thomas spele på ein klubb i New York City og vart så rørt av framføringa ahns at ho fortalte Colomby og Katz om han. Dei drog for å sjå Clayton-Thomas spele og vart så imponert at dei tilbaud han rolla som frontmann i Blood Sweat & Tears. Trombonisten Halligan byrja å spele orgel og Jerry Hyman kom inn og tok over på trombone. Med dei nye trompetistane Soloff og Winfield debuterte det ni mann store bandet på Cafe Au Go Go den 18. juni 1968, der dei spelte dei to neste vekene.

Det andre albumet til gruppa, Blood, Sweat & Tears, vart produsert av James William Guercio og kom ut seint i 1968. Det var meir pop-orientert og hadde færre komposisjonar av bandet. Plata gjekk raskt til toppen av listene og vann Grammyprisen for årets album i USA, og slo The Beatles sitt Abbey Road, blant dei nominerte. Det kom ut tre hitsinglar frå Blood, Sweat & Tears: ein versjon av Berry Gordy og Brenda Holloway sin «You've Made Me So Very Happy», Clayton-Thomas sin «Spinning Wheel» og ein versjon av Nyro sin «And When I Die». Kvar av desse singlane nådde andreplassen på Billboard Magazine Hot 100-lista og låg inne på lista i 13 veker.

Den suksessrike perioden til bandet i 1969 kulminerte med ei framføring på Woodstockfestivalen, der bandet var ein av hovudattraksjonane. Filmmannskapet til festivalen filma opningsnummeret deira, «More and More», men manageren deira på den tida, Bennett Glotzer, gav dei ordre om å skru av kamera og forlate scenen sidan bandet ikkje hadde gått med på å få betaling til å bli filma.

Sjølv om Blood, Sweat & Tears fekk kommersiell suksess i lag med liknande band som Chicago og Electric Flag, hadde bandet vanskar med å oppretthalde statusen sin som eit motkulturikon på ei tid då sjefar i plateselskap rekna dette som eit nyttig verktøy til å lokke unge kjøparar. Dette vart forsterka av at bandet drog ut på ein turné sponsa av United States Department of State i Aust-Europa i mai og juni 1970. Alle som frivillig samarbeidde med staten på denne tida vart særs upopulære og bandet vart latterleggjort for dette. Det er no kjend at utanriksdepartemtentet kravde ein slik turné i byte mot å gje Clayton-Thomas visum.

Etter dei kom attende til USA, gav gruppa ut Blood, Sweat & Tears 3 (juni 1970), produsert av Roy Halee og trommeslagaren Colomby. Albumet vart nok ein suksess, og gav hittar som ein versjon av Carole King sin «Hi-De-Ho» og ein annan Clayton-Thomas-komposisjon kalla «Lucretia MacEvil». Sjølv om albumet vart eit suksessrikt forsøk på å gjenskape den store blandinga av stilartar på det førre albumet, valde bandet igjen å fokusere nesten utelukkande på coversongar. Platemeldingane på denne tida fokuserte nesten uteulukkande på at bandet frivillig hadde samarbeid med den amerikanske staten, utan å bry seg om å diskuterte den faktiske musikken. Imageproblema deira vart forsterka då bandet valde å spele på Caesars Palace på Las Vegas Strip, som vart rekna som ein av dei mest kommersielle stadane for ei gruppe som ikkje var involvert i radikal politikk.

Seint i 1970 spelte bandet inn musikk for filmen The Owl and the Pussycat , med Barbra Streisand og George Segal i rollene, og dette øydela ytterlegare statusen bandet hadde hatt i undergrunnsmiljøa.

Etter denne kontroversielle perioden, slo gruppa seg ned i San Francisco i januar 1971 med jazzsaksofonisten Don Heckman som produsent. Dave Bargeron erstatta Jerry Hyman, og dei spelte inn materiale som danna grunnlaget for det fjerde albumet deira, BS&T 4 (juni 1971). For første gongen sidan debutalbumet bestod albumet stort sett av songar bandet hadde skrive sjølv. Dei inkluderte òg ein song av det tidlegare medlemmet, Al Kooper med «Holy John (John the Baptist)». Med mange fengande musikalske idear og forskjellige stemningar (på songar som «Go Down Gamblin'», «Lisa, Listen to Me», «High on a Mountain», «Redemption»), gjekk BS&T 4 inn på albumlistene og selde til gullplate. Likevel gjekk ingen av singlane på plata inn på topp 30 på singellista og etter det fjerde albumet vart platesalet dårlegare.

Jerry Fisher-tida Etter å ha spelt ein siste konsert i Anaheim Convention Center den 31. desember 1971, slutta Clayton-Thomas tidleg i januar 1972 for å gå solo. Han vart erstatta ein kort periode av Bobby Doyle og så Jerry Fisher, som vart frontmann i den neste inkarnasjonen av Blood, Sweat & Tears. Fred Lipsius slutta òg og vart ei kort tid erstatta av Joe Henderson, før Lou Marini slo seg ned i den nye besetninga. Eit anna grunnleggjande medlem, Dick Halligan, slutta og vart erstatta av jazzpianisten Larry Willis (frå Cannonball Adderley Quintet), og den svenske gitaristenGeorg Wadenius, frå det populære svenske bandet Made in Sweden, kom med i bandet som sologitarist.

Den nye utgåva av Blood, Sweat & Tears gav ut New Blood i september 1972, som flytta gruppa heilt over til jazzfusion. Albumet nådde topp 40 på albumlista og gav ein hitsingel, «So Long Dixie», som nådde 44. plassen. Albumet inneheld òg ein versjon av Herbie Hancock-komposisjonen «Maiden Voyage», med gitarsolo av Georg Wadenius.

I januar 1973 slutta Katz for å satse på ein karriere som produsent (for Lou Reed og andre). Winfield slutta òg, og i mars vart han erstatta av Tom Malone.

Det neste albumet til Blood, Sweat & Tears, No Sweat (juni 1973), heldt fram jazzfusionstilen og nytta seg av intrikate blåsarar. Tom Malone var berre i gruppa ei kort stund og slutta for å gje plass til jazztrompetisten John Madrid. Men Madrid var likevel berre ei kort stund i bandet og var aldri i studio med dei. Både Madrid og Soloff slutta seint i 1973, og den nye hornspelaren og arrangøren Tony Klatka kom inn for det neste albumet, Mirror Image (juli 1974), i tillegg til vokalisten og saksofonisten Jerry LaCroix (tidlegare i Edgar Winter's White Trash), saksofonisten Bill Tillman, bassisten Ron McClure og den vandrande originale bassisten Jim Fielder. Innspelinga var ei blanding av Philly Soul og albuma til Herbie Hancock sitt Headhunters sine album på midten av 1970-åra, i tillegg til element av jazzfusiongruppa til Chick Corea, Return to Forever.

Jerry LaCroix slutta i BS&T for å bli med i Rare Earth etter å ha spelt den siste konserten sin med dei i Wollman Rink i Central Park i New York den 27. juli 1974. Luther Kent, ein bluessongar frå New Orleans, vart henta inn som erstattar for LaCroix.

Nye utgåver Mot slutten av 1974 meinte Jerry Fisher at han var trøytt av dei mange turneane til BS&T, så Bobby Colomby og managerenFred Heller, fekk det til slik at David Clayton-Thomas kom attende, i håp om å ta bandet skulle oppnå den same suksessen som tidlegare. Clayton-Thomas gjekk med på dette og møtte den noverande gruppa på ein konsert i Milwaukee, medan Jerry Fisher og Luther Kent framleis var i bandet. Alle dei tre songarane enda opp på scenen føre eit entusiastisk publikum.