Einar Hole Moxnes () var ein stortingsrepresentant, statsråd og fylkesmann, fødd i Alstahaug i Nordland. Han var fiskeriminister 1968-71 og landbruksminister 1972-73.
Liv og gjerning Moxnes voks opp på Alstahaug i Nordland og Bjugn i Sør-Trøndelag. Han gjekk landsgymnaset på Steinkjer, der han tok eksamen i 1946. Frå 1951 arbeidde han som heradsagronom i Åfjord til 1974.
Moxnes var ordførar i Åfjord frå 1956 til 1966 og formann i Sør-Trøndelag fylkesting frå 1958 til 1963.
Moxnes møtte for fyrste gong på Stortinget som vararepresentant i 1959. Frå 1965 til 1968 møtte han fast på Tinget som fyrste vararepresentant for Sør-Trøndelag, etter som Per Borten var statsminister. Han var medlem av Sjøfart- og fiskerikomiteen. I 1968 tok Moxnes over som fiskerminister etter dødssjuke Oddmund Myklebust, eit ombod han hadde til Borten-regjeringa gjekk av i mars 1971. Moxnes tok då sete på Stortinget som fast representant og medlem av Justiskomiteen. Frå oktober 1972 til same tid året etter var han landbruksminister i Korvald-regjeringa.
I 1974 vart Moxnes utnemnd til fylkesmann i Sør-Trøndelag og gjorde teneste fram til han gjekk av med pensjon i 1986. Han var leiar av Statens Friluftsråd 1982–83. Elles leia han to statlege fagutval:
Lakse- og innlandsfiskelovutvalet (Lov om anadrome laksefisk og innlandsfisk, NOU 1987: 2) Utval som greidde ut om organiseringa og arbeidsvilkåra i fiskeindustrien (Fiskeindustriens organisering og rammevilkår, NOU 1990: 24)
Kjelder
Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Norske fiskeriministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Statsrådar i Regjeringa Korvald Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Ordførarar i Åfjord Kategori:Sp-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Fylkesordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Fylkesmenn i Sør-Trøndelag Kategori:Folk frå Alstahaug Kategori:Folk frå Bjugn