Kåre Bøgh Fasting () var ein norsk journalist og forfattar av både skjønnlitteratur og sakprosaverk.

Fasting var fødd i Oslo, men voks opp i Bergen då far hans arbeidde ved jarnbanekontoret i byen. Sjølv vart han journalist i Bergens Tidende frå 1935 og redaktør av Nidaros i tida 1945 til 1950. Han debuterte som forfattar med romanen Havet gav i 1935. Året etter kom Solen blinker i sladrespeilene og i 1937 kom Det gode kjøbmannskap, begge frå handelsmlijø i Bergen. Jakob og sønene hans frå 1938 syner det grepet pietismen hadde på folk i fiskar- og kystmiljø ved Bergenskanten.

Etter verdskrigen var over kom romanar som Det dyre gull, Brytingsår, Døtre og sønner, samt Skip uten ror i åra mellom 1947 og 1951. Seinare skreiv han også sakprosabøker, mellom anna skreiv han soga til Oslo Sporveier.

Fasting døydde i Oslo.

Kjelder Norsk Allkunnebok. IV. Bandet. 1953

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske redaktørar