Fredrikstad Skiklubb (FSK) er eit idrettslag som vart skipa i Fredrikstad 14. januar 1896. Klubben driv langrenn, orientering, skihopp og friluftsliv i Fredrikstad-distriktet. Orientering har vore på programmet sidan 1938. Det kjende orienteringsløpet «Blodslitet» vart skipa til av FSK uoffisielt første gongen i 1968, sidan 1979 har dette vore ei årviss offisiell tevling for orienteringsløparar frå ei rekkje land.

Fredrikstad Skiklubb har opparbeida og vedlikeheld ei rekkje turløyper i Fredrikstadmarka, m.a. lysløyper, mykje med dugnadsinnsats, men klubben har også fått noko stønad frå det offentlege og frå næringslivet.

Skihytta «Breidablikk» thumb| Skihytta «Breidablikk» under eit barneskirenn 22. januar 2006. Fredrikstad Skiklubb si skihytte, «Breidablikk», vart innvigd 15. november 1911. I daglegtale vert ho berre omtala som «Skihytta». Hytta ligg på eit av dei høgaste punkta i Fredrikstadmarka, 101 m.o.h., og er eit populært utfartsmål, og eit midtpunkt i Fredrikstadmarka. Ho er også ein viktig samlingsstad for aktivitetar i klubben, for trening, tevlingar, møte og kurs. Hausten 2005 og vinteren 2006 gjennomgår hytta ei større utbetring og påbygging.

Bakgrunnsstoff Fredrikstad Skiklubb sine nettsider Omtale av «Blodslitet» 2005 i OPN — Orientering på nett

Kategori:Idrettslag i Fredrikstad Kategori:Skipingar i 1896 Kategori:Idrettslag skipa i 1890-åra Kategori:1896 i Noreg