mini|Minnestein ved Stalheimskleiva, reist 1909 med inskripsjonen «Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa». mini|Dei første barneåra hadde Per Sivle på Stalheim. Sidan vaks han opp på nabogarden Berge

Per Sivle () var ein norsk diktar, redaktør og journalist. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877,Terje Aarset (2009): Den nynorske songskatten sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887).Bokselskap.no

Oppvekst

Per Sivle vart fødd i Flåm i Aurland i Sogn og Fjordane fylke.Sogn og Fjordane fylke, Aurland, Ministerialbok nr. A 8 (1853-1879), Fødte og døpte 1857, side 17 nr. 23 Døyenamnet er skrive Peder, faren er skriven med namnet Erik Hansen Sævli Mora, Susanna Andersdtr Ryum, var tenestjente, og faren Erik Hansson Sivle var omreisande heste- og fehandlar.Voss, Ministerialbok nr. A 19 (1851-1886), Ekteviede 1857, side 25 nr. 44 - Vi ser at foreldra til Per gifta seg eit halvt års tid etter at han vart fødd. Dei busette seg som innerstar på Stalheim i Voss. Mora døydde på barnseng då Per var to og eit halvt år gammal,Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 20 (1855-1886), Døde og begravede 1860, side 26, nr. 7 (død 19.10.1859) og Per voks opp hjå i fosterheim hos slektningar på nabogarden Brekke.SSB-utstilling; Folketeljinga 1865 Per heldt kontakten med faren, og kunne følgje med når faren var ute på handelsferder.Anders Hoveden: Per Sivle : ei livssoge

Per Sivle gjekk Sogndal folkehøgskule to vintrar (1874-75) og tok mellomskuleeksamen i Kristiania 1876 før han begynte i gymnasklasse på Aars og Voss' skule i Oslo. Etter ein nervesjukdom, som han kom til å bli plaga med resten av livet, måtte han avbryte utdanninga det siste gymnasåret.Bjarte Birkeland (1960) i Norsk Allkunnebok

Han gifta seg 1. august 1887 med Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen. Dei fekk dottera Susanna i 1888.[Terje Aarset (2009): Den nynorske songskatten]

Forfattarskap

Den første boka hans var En Digters Drøm (1878), utgjeven under psevdonymet Simon de Vita. Året etter gav han ut diktsamlinga Digte. Desse bøkene er prega av pietistisk forkynning. «Visst var Sivle nasjonalist, men ingen nasjonalromantikar. Målet var sjølvstende og sant folkestyre - dei fleste diktarane våre drog i hop i desse sakene. Dei forstod òg kva urett arbeidarar og småfolk leid, og hadde skildra dei elendige kåri dei levde i, eg tenkjer serleg på skildringar av Kielland, Lie, Garborg og Amalie Skram, men ingen av dei stelte seg so solidarisk med arbeidarane som Sivle. Han skyna at dei kunde ikkje venta nåde og hjelp frå makthavarane, dei laut slå seg saman og kjempa for sine krav. Eg veit ikkje kor grundig kjennskap han hadde til sosialistisk ideologi; at han kjende hovudtankane, er lett å sjå; elles var tilstanden slik i underklassen at folk med litt rettferdssans laut sjå uretten. Alt dette kjem tydeleg fram i Streik, romanen han skreiv um sagbruksarbeidarane i ein austlandsby.» -Olav H. Hauge (1973))Hauge, Olav H.: Nokre ord um Sivle. Sivle-seminaret på Voss, 26.-28. oktober 1973. Gjengitt i Dag og Tid, 7. april 2017 Sjukdom og tvil leidde Per Sivle ut i ei religiøs krise. Men snart engasjerte han seg ut i politikken som redaktør for to Venstre-aviser. Han redigerte Buskeruds Amtstidende i 1883-84. Etter tre år i Danmark var han så redaktør for Kristianiaposten (1887-91). Sidan forsøkte han å livnære seg som diktar.

Boka Sogor, som kom i 1887, inneheld barne- og dyreskildringar med både logn humor og djupe kjensler. Sidan følgde Blandet Selskab (1891), Streik (1891) som vart omsett til svensk (1892) og tysk (1915), og Folk og Fæ (1898).

Sivle synte seg som ein meisterleg humorist og folkelivsskildrar i dei folkelege bøkene Vossa-Stubba (1887), Nye Vossa-Stubbar (1894) og Sivle-Stubbar (1895). Desse stubbane er fortalde på vossamål.

Dei mest verdsette diktsamlingane hans er Noreg (1894), Bersøglis- og andre Viser (1895), Skaldemaal (1896), En Fyrstikke og andre Viser (1897) og Olavskvæde (1901). I den nasjonale reisinga nordmennene opplevde før unionsoppløysinga i 1905, vart Per Sivle med sine verk blant oppsongarane. I dikt med emne henta frå den norske soga gjorde han fortida til inspirasjon i unionsstriden. Desse dikta vart henta fram att under okkupasjonen 1940-45.

Dei personlega dikta hans svinga mellom undergangsstemningar og aktiv livstru. Dikta er skrivne med fast, hoggande rytme. Per Sivle skreiv både riksmål og landsmål, og det skal vere innanfor landsmålsdiktinga ein kan finne det mest verdfulle.Kristian Elster (1934) i Illustrrert norsk litteraturhistorie b. V s. 88

Slutten

Per Sivle fekk statens diktarstipend fem gonger i 1890-åra etter løyving frå Stortinget. Han mista stipendet i 1904. Han var sjuk og vart særs nedbroten etter avgjerda. Ei tid før han døydde, synte han venen Anders Hovden manuskriptet til songen «Ja, no skal Noreg ha takk fyr meg».[Anders Hovden: Per Sivle : ei livssoge] 6. september 1904 forlet han leiglegheita si med ei helsing liggande i nattbordsskuffa: «Jeg vilde ei leve, men turde ei dø - og levede livet som før. Nu vil eg ei dø, men tør ikke leve - og - dør.»Erling Vindheim (1934) NOKRE MINNINGAR UM PER SIVLE 1904. Han tok ein revolver med seg på Christiania bad i Vika, og enda livet sitt der.Buskerud fylke, Strømsgodset, Ministerialbok nr. 1 (1885-1909), Døde og begravede 1904, side 266 nr. 8 Han ligg gravlagd på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen, der soknestyret har gjort vedtak om å kosta tilsynet med og vedlikehaldet av gravstaden.

Redaktørarbeid 1883–85: Buskeruds Amtstidende 1887–91: Kristianiaposten

Bibliografi Romanar

Forteljingar

Dikt og diktsamlingar

Anna

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om Per Sivle i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Per Sivle i Allkunne Om Per Sivle på nettstaden til Ivar Aasen-tunet Litt om Per Sivle og Stalheim hjå SSB.no. Sivle-laget Gravminner i Norge

Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Voss Kategori:Folk frå Aurland Kategori:Nyromantiske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Aurland Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske lyrikarar