Mirjam Weichselbraun () er ein austerriksk programleiar og skodespelar.

Eurovision Wer singt für Österreich? 28. oktober 2014 vart det kjend at Weichselbraun ville vere programleiar for Wer singt für Österreich?, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Ho leia dei fire programma som vart sende på ORF eins i februar og mars 2015.

Eurovision Song Contest 2015 På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Weichselbraun presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Alice Tumler, Arabella Kiesbauer og green room-programleiar Conchita Wurst. Saman med Tumler, Kiesbauer, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.

Fotnotar

Kategori:Folk frå Innsbruck Kategori:Austerrikske programleiarar Kategori:Austerrikske skodespelarar Kategori:Eurovision Song Contest 2015 Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Wer singt für Österreich?