Borgund folkehøgskole, ofte kalla Borg, er ein kristen folkehøgskule som ligg ved Nørvasund i Ålesund i Møre og Romsdal. Skulen ligg om lag 16 km frå Ålesund sentrum og 30 km frå Ålesund lufthamn, Vigra.
Skulen vart grunnlagd i 1914 som Møre ungdomsskole, i det som i dag er lokala til Ålesund kulturskole ved Nørvasundet i Ålesund. I 1917 vart skulen flytt til Hatleholen og tok då namnet Borgund folkehøgskole etter den tidlegare kommunen Borgund. Sidan 2004 har skulen spesialisert seg på reiselinjer, og elevane søkjer derfor på reisemållinjer i staden for tradisjonelle fag eller linjer. Skulen marknadsfører seg som Reiseskolen.
Borgund folkehøgskole har plass til 110 elevar i året. Skulen er eigd av Sunnmøre Indremisjon.
Linjefag ved skulen i 2015: Afrika – Mangfold Australia – Backpack Friluft New Zealand Multisport – Australia Sør-Amerika Xplore USA – Travelstudy Vokal New York – New Orleans Reise – bo og fritid
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folkehøgskular i Møre og Romsdal Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Skipingar i 1914 Kategori:Ålesund kommune