Qalansawe, òg Qalansuwa, (arabisk skrift قلنسوة, hebraisk skrift קַלַנְסֻוָה; ordet tyder «turban»)Palmer, 1881, s.187 er ein arabisk by i Sentral-Israel i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen mot slutten av 2007 eit folketal på 18 500, nesten utelukkande arabarar og nesten ingen jødar. Qalansawe er ein del av Triangelet av israelsk-arabiske busetnader på Vestbreidda.

Historie mini|venstre|Moské bygd på krossfararruinar Frå 800-talet og fram til krossfarartida, var Qalansawe stoppestad på vegen mellom Kairo og Damaskus, mellom Lajjun og Ramla.Petersen, 2001, s. 248-249, citing among others Hartmann, 1910, 675, 676

I krossfarartida vart landsbyen kalla Calanson, Calansue, Calanzon eller Kalensue.Pringle, 1997, s. 77 - 78 I 1128 vart han gjeven til Maltesarordenen av riddaren Godfrey av Flujea.Röhricht, 1904, RRH Ad, s. 9-10, No. 121a Yaqut (d. 1229) skreiv at Qalansawe og Planborga, som høyrte til krossfararane, var ei borg nær Ramla. Byen vart verande hos Johanittarordenen (utanom i 1187–1191) fram til Baibars tok han i 1265. I denne perioden verka herren av Caesarea å ha heldt på herredøme. Det finst restar av krossfararborga i dag.

Osmansk tid I 1596 stod Qalansawa oppført i osmanske skattelister som ein del av Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 139

Seint på 1800-talet vart landsbyen skildra som mellomstor og sete for ein kaymakam. I sentrum av landsbyen stod eit krossfarartårn og sal, omgjeve av landsbyhus, hovudsakleg laga av adobe. Brunnar og ei kjelde i vest gav dei vatn.Conder og Kitchener, 1882, SWP, II, s. 165

Palestinamandatet I folketeljinga i 1931, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Qalansawe 225 hus og eit folketal på 1 069 muslimar, inkludert nærliggande beduinleirar.Mills, 1932, s. 56

I 1945 hadde landsbyen 1540 arabiske innbyggjarar, som i alt eigde 17 249 mål land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.76

1948 og seinare Under den israelsk-arabiske krigen 1948 gjekk jødiske styrkar for å erobre og øydeleggje Qalansawe,Morris, 2004, s. 246 men landsbyen vart ikkje tekenMorris, 2004, s. 302 og berre overført til israelsk suverenitet i mai 1949 som ein del av den israelsk-jordanske våpenkvileavtalen. Politiske omsyn hindra at landsbybuarane vart forviste.Morris, 2004, s. 531

I 1962 hadde landområdet til landsbyen falle til 6 620 mål, hovudsakleg på grunn av ekspropriasjon av landområde av Israel i 1953–1954.

I 2000 blei Qalansawe erklært ein by. I januar 2017 blei 11 bygningar bygde av 4 familiar rivne av israelske styresmakter, med grunngjevinga at dei var bygde utan løyve. Familiane hevda at dei var blitt gjevne to dagars åtvaring, som ikkje var nok tid for eit juridisk svar. Borgarmeisteren av Qalansawe erklærte at ville trekka seg, at han hadde kjempa i fleire år for å utvida den urbane byplanen til byen utan hell, og at det var derfor bygningane var blitt bygde på jordbruksland. Tusentals folk demonstrerte til støtte for byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qalansawe» frå , den 25. juni 2015.

(s. 199-201. )

Hartmann, Richard (1910): Die Straße von Damaskus nach Kairo Zeitschrift der Deutschen Morgenländischen Gesellschaft › Bd. 64 (Sitert i Petersen, 2001)

t.d. s.161 Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology) (s. 47)

Bakgrunnsstoff Welcome To Qalansiwa - قلنسوه (קלנסווה) ved palestineremembered.com SWP map 11

Kategori:Byar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Triangelet i Israel Kategori:Sharonsletta Kategori:Byar i Det sentrale distriktet i Israel