Charlotte Frederikke av Mecklenburg-Schwerin () var prinsesse av Mecklenburg-Schwerin. Ho var gift med syskenbarnet prins Christian Frederik av Danmark, den seinare Christian VIII, frå 1806 til dei vart skilt i 1810. Saman fekk dei sonen Frederik i 1808, den seinare kong Fredrik VII av Danmark.

Etter oppløysinga av ekteskapet vart ho forvist til Jylland. Ho reiste seinare til Italia, der ho budde resten av livet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kongelege frå Danmark Kategori:Kongelege frå Tyskland