Be'er Ya'akov (hebraisk skrift בְּאֵר יַעֲקֹב, tyder Jakobsbrunnen) er ein by med status som lokal kommune sentralt i Israel, nær Ness Ziona og Rishon Lezion.

Be'er Ya'akov har eit areal på 8.6 km². I desember 2006 hadde han eit folketal på 9 400. Be'er Ya'akov vart grunnlagd i 1907 av jødiske emigrantar frå Dagestan. I 1947 hadde han eit folketal på 400. Byen fekk lokal kommunestatus i 1949.

Be'er Ya'akov er kalla opp etter Ya'akov Yitzhaki, ein rabbinar og jødisk pioner.

Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 og fram til den israelske erobringa av Ramla i juli 1948, låg Be'er Ya'akov i frontlinja. Folkesetnaden på den tida vart evakuert og ein ny busetjing, Be'er Shalom, vart danna av medlemmar av kibbutz Buchenwald, den første pionergruppa som vart danna i Tyskland etter andre verdskrigen.

Idrett Maccabi Be'er Ya'akov er det lokale fotballaget. Maccabi Be'er Ya'akov BC er det lokale basketball-laget, og spelar på det andre nivået i Israel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Be'er Ya'akov» frå , den 1. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Be'er Ya'akov Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel