Jærmuseet er eit norsk regionmuseum for dei sju jærkommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Museet fungerer òg som regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Jærmuseet har som føremål å dokumentera og formidla den nyare historia til regionen, medan vitensentera har som oppgåve å stimulera interesser for naturvitskap og teknologi. Totalt har Jærmuseet kring 200 000 besøkande i året.
Jærmuseet vart stifta i 1985, med hovudkontor på Kvia ved Nærbø på Jæren. Det gjev ut årboka Sjå Jæren.
Jærmuseet er ei stifting som er oppretta av jærkommunane Sandnes, Sola, Randaberg, Hå, Klepp, Time og Gjesdal.
Avdelingar Vitenfabrikken i Sandnes, eit vitensenter med fokus på realfag. Vitengarden på Kvia i Hå, eit vitensenter med fokus på landbruk og natur. Garborgsenteret på Bryne i Time, ein formidlingsarena for litteraturen, visjonane og livet til forfattarane Arne Garborg og Hulda Garborg. Garborgheimen, Arne Garborg sin barndomsheim, på Garborg i Time. Knudaheio på Undheim i Time, Arne Garborg si skrivestove. Tungenes fyr i Randaberg, bevart slik det var på 1930-talet. Flyhistorisk museum på Sola. Grødalandstunet i Hå, ein av dei best bevarte sjøgardane i Rogaland. Vistnestunet i Randaberg, kommunens best bevarte gardsmiljø frå slutten av 1800-talet. Limagarden på Ålgård i Gjesdal, eit gardstun med bygningar frå perioden 1800–1939. Haugabakka på Kleppe i Klepp, bygdemuseum. Varden Sjøredningsmuseum på Ogna i Hå, eit sjøredningsmuseum. Science Circus, vitensenter på hjul.
Leiing
Administrerande direktør
1986–2022: Målfrid Snørteland 2022–: Atle Fiskå
Sjå òg Krigshistorisk museum på Sola, om livet og kvardagen under 2. verdskrigen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jæren Kategori:Museum i Rogaland Kategori:Hå kommune