Glomdalsmuseet i Elverum er eit kulturhistorisk museum for Solør og Østerdalen, og eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Museet er ein av sju avdelingar i Anno museum, som tidlegare heitte Hedmark fylkesmuseum. Formidlinga av soga til romanifolket (taterane) i Noreg har vorte ei viktig oppgåve for museet. Museet har òg formidlinga av soga til skogfinnane i området som eit sentral oppgåve. Dette var folk frå Savolax og Tavastland i Finland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg i tidsbolken 1575–1660, særleg i dei skogane som har fått namnet Finnskogen på båe sidene av den svensk-norske grensa.
Museet vart skipa i januar 1911, og namnet vart då skrive «Glaamdalsmuseet». Men allereie i mars same året vart namnet endra til «Glomdalsmuseet».
Galleri
Bakgrunnsstoff
Kategori:Museum i Innlandet Kategori:Byggverk i Elverum Kategori:Kultur i Elverum Kategori:Skogsfinsk kultur Kategori:Kulturhistoriske museum i Noreg Kategori:Kulturminne i Elverum Kategori:Friluftsmuseum i Noreg Kategori:Museum skipa i 1911