mini|Mazzini-plassen i Ferentino
Ferentino er ein by og ein kommune i provinsen Frosinone i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 81 km². Byen Ferentino ligg på ein ås, 393 meter over havet, 65 kilometer søraust for Roma.
Etter ei kort tid som fristad på 1000-talet høyrde Ferentino til Vatikanet til år 1870. Under andre verdskrigen var området eit sentrum for partisanar. Etter verdskrigen opplevde Ferentino eit økonomisk oppsving gjennom industrialisering.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ferentino» frå , den 13. juli 2015.
Kategori:Byar i Lazio Kategori:Byar i Italia