mini|Sultan Selim III av Det osmanske riket ved seraiet sitt, Topkapıpalasset. Serai (gjennom fransk sérail og italiensk seraglio frå tyrkisk, opphavleg persisk سرای, saray, for 'hotell, palass') kan visa til ein bustad, eit losji eller vertshus i ørkendistrikt der karavanar i eldre tid kunne ta inn (sjå karavanserai). I tyrkisk samanheng har ordet også vore brukt om palasset eller haremet til sultanen.

Omgrepet er mellom anna kjend frå operaen Die Entführung aus dem Serail av Mozart.

Kjelder

«Serai» (18. april 2011). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. juli 2015.

Kategori:Tyrkiske ord og uttrykk Kategori:Ord av persisk opphav Kategori:Bustader