Pasadena er ein by i Los Angeles County i delstaten California i USA. Byen ligg 263 meter over havet og ved foten av fjellkjeda San Gabriel Mountains, nordaust for Los Angeles sentrum. Han hadde 138 699 ibuarar ved folketeljinga i 2020.
Pasadena vart grunnlagd i 1873 og innlemma i delstaten California i 1886. Verksemder som forskingsinstituttet California Institute of Technology (Caltech) og romfartsverksemda Jet Propulsion Laboratory held til i Pasadena.
Stadionet Rose Bowl ligg i Pasadena. Kvar nyårsdag vert amerikansk fotball-kampen Rose Bowl Game og Tournament of Roses Parade haldne her. Finalane i VM i fotball 1994 og VM i fotball 1999, den siste for kvinner, vart begge spelt på Rose Bowl i Pasadena.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pasadena, California» frå , den 24. juli 2015 og 14. juli 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i California