Aseret (hebraisk skrift עֲשֶׂרֶת) er ein fellesbusetnad nær Gedera på kystsletta sør i det sentrale Israel. Aseret høyrer til Gederot regionale kommune. Ordet «aseret» tyder ti, og syner til dei ti innbyggjarane frå Bilu som grunnla Gedera.

Historie Aseret vart grunnlagd i 1954 som eit kommunesenter for Gederot regionale kommune og har framleis denne funksjonen i dag.

Aseret vart bygd på landområdet til Bashshit, ein arabisk landsby i den arabisk-israelske krigen i 1948. Det ligg ei gammal grav ved landsbyen, som i følgje segnet skal høyre til Set, sonen til Adam i Det gamle testamentet. I følgje vitskapsfolk i Palestine Exploration Fund, kjem namnet Bashshit frå Beit Shit, som tyder «huset til Set».Palestine Exploration Fund (PEF), 1838, s. 84. Grava ligg under ein moské med tre kuplar i ei åsside.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aseret» frå , den 25. juli 2015.

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1954 Kategori:1954 i Israel